Gnagande kjensle: Når du går heim etter endt skift, kjenner du på ei gnagande kjensle av eigentleg ikkje å ha fått gjort jobben din.

Fleire folk i arbeid!

Vi står no i fare for å ta ned grunnbemanninga så hardt at det vil opplevast direkte smertefullt for både tilsette og brukarar av tenestene våre.

Som folkevalt for Miljøpartiet Dei Grøne, medlem av kommunestyret og formannskapet og som tilsett i rus og psykiatritenesta i Bjørnafjorden kommune, er det med stor fortviling eg sit og jobbar med kuttforslaga i kommunen.

Like lenge som vi i MDG har hatt plass i dei folkevalde organa har vi måtta jobba for å spara inn pengar. Kommunedirektøren vår og leiargruppa hans har saman med dei tilsette gjort eit formidabelt stykke arbeid med omstilling og effektivisering med håp om å unngå dei aller tyngste nedskjeringane, men diverre har ikkje dette vore nok.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Føreslår å kutta meir enn 30 årsverk ved sjukeheimane i kommunen
Les også
Tillitsvalt uttrykkjer sterk uro: – Korleis skal vi få dette til?

Den etter kvart mykje omdiskuterte PWC-rapporten på helse og omsorg peikar på moglege tiltak og gjev oss klare tilrådingar om kva som må til for at vi skal klara å spara inn store nok summer til å - på sikt - få kommunebudsjettet i balanse.

I PWC-rapporten blir Bjørnafjorden samanlikna med “dei beste” kommunane, dei fem i Noreg som driv helse- og omsorgstenestene sine på den beste økonomiske måten.

Kan vi ikkje heller kalla desse fem for dei «billegaste kommunane» i staden for «dei beste»?

Bjørnafjorden kommune ligg no på 18. plass på denne lista. Det er kanskje høgt nok?

Les også
Kva vil kutt på nær 100 mill. gjera med helsetilbodet? Fleire politikarar uttrykkjer sterk uro

For å koma ned på nivå med dei billegaste kommunane skisserer rapporten at vi skal vera færre folk i arbeid over så å seia heile linja innan pleie og omsorg. Den fortel oss at vi må sjå på dagtilbod for eldre, for menneske med demens og at vi ikkje kan driva med slik «luksus» som diabetesteam, kols- og kreftsjukepleiar.

Ikkje minst skal vi ned i pleiefaktor - altså vi skal vera færre folk i arbeid.

Les også
Kjære politikarar i Bjørnafjorden kommune!

Rapporten seier derimot lite om kva vi får att i andre enden når vi skjer alle tenestene inn til beinet. Det kan vi førebels berre spekulera i.

Vi står altså no i fare for å ta ned grunnbemanninga så hardt at det vil opplevast direkte smertefullt for både tilsette og brukarar av tenestene våre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei som jobbar i denne sektoren, spesielt dei som er tilsett i pleie og omsorg, opplever allereie stor slitasje og fortviling over å ikkje vera nok folk i arbeid.

Les også
Har administrasjonen og de folkevalgte forstått den økonomiske situasjonen?

Prøv å setja deg inn i kjensla. Du er travel på jobb heile dagen, du jobbar under så hardt tidspress at du stadig går på kompromiss med faglegheita di. Når du går heim etter endt skift, kjenner du på ei gnagande kjensle av eigentleg ikkje å ha fått gjort jobben din, i alle fall ikkje på den måten du veit du kan, den måten som gjer deg trygg og stolt.

Det er inga god kjensle og du er rimelig supermenneske om du ikkje kjenner motivasjonen glippa her.

Les også
– Av og til er det godt å vera fagperson. Denne gongen er det vondt

Kommunen har store kostnader knytt til korttidssjukefråvær. Det er betimeleg å anta at dette langt på veg skuldast nettopp høgt press på jobb. No står altså endå travlare dagar på agendaen til våre tilsette.

Dette ønsker ikkje vi å vera med på. Både kommunedirektøren, Miljøpartiet Dei Grøne og SV har tidlegare foreslått å innføra eigedomsskatt i Bjørnafjorden. Det er nettopp for å kunna gje gode tenester til innbyggjarane våre og skapa trygge og gode arbeidsplassar der vi kan sikra den faglege integriteten til våre tilsette. Dette får vi diverre ikkje fleirtalet med på.

Så no spør vi, kan vi saman finna tiltak som kan hjelpa oss å unngå dei hardaste kutta?

– Kor mange fleire årsverk treng vi i helse og omsorg for å unngå den slitasjen våre tilsette opplever?

– Om vi bruker meir pengar inn i fast bemanning for å sikra ei god grunnbemanning, vil vi sjå det att i andre enden i form av mindre korttidssjukefråvær og vikarbruk?

Artikkelen held fram under annonsen.

Tina Bøe Buer

Bjørnafjorden MDG