Uroa: Me er uroa for at dersom skulen forsvinn, vil det også gå utover fellesskapet og samhaldet i nærmiljøet.

Fusa-halvøya treng ein offentleg skule!

Nedlegging av barneskulen synest korttenkt, og kan få uante følgjer.

Fusa sanitetsforening har medlemer på heile Fusa-halvøya, og har fleire hjartesaker. Me arbeider m.a. for å skapa trygge lokalsamfunn generelt og ein trygg og inkluderande oppvekst for born og unge spesielt.

Medlemene våre er opptekne av vekst og utvikling i bygdene våre. Nedlegging av Fusa barneskule synest korttenkt, og kan få uante følgjer.

Artikkelen held fram under annonsen.

Avstandane på Fusa-sida av kommunen er store, og dersom elevane skal køyrast til Eikelandsosen for skulegang og SFO, vil det gjera kvardagen for både born og foreldre svært vanskeleg. Spesielt vil dette ramma alle pendlarane våre. Det kan kjennast utrygt for små born frå 5-6 års-alderen å måtta forlata nærmiljøet for å fraktast til ein større skule.

Fusa sanitetsforening er uroa for at dersom skulen forsvinn, vil det også gå utover fellesskapet og samhaldet i nærmiljøet. Mange aktivitetar er knytt opp mot skulen vår, og forsvinn skulen, vil truleg lokal aktivitet bli redusert, og bygda vår vil kanskje også bli mindre attraktiv for tilflytting.

Me treng gode, trygge nærmiljø! Me treng skulen vår og levande bygder!

Fusa sanitetsforening