Respekt: Sjølv om det politisk kan vera store skilnader, er alle i styringa opptekne av å vera venlege med kvarandre og visa kvarandre respekt.

Fytti grisen, for eit arbeid dei gjer

Når eg les kommentarfelta, er det lett for å bli provosert av ignorante kommentarar.

Langt på kveld etter eit langt kommunestyremøte, der «oss ubrukelege og inkompetente» sit ein gong i månaden og skal «bestemma».

Godt betalt er det og…

Artikkelen held fram under annonsen.

For ikkje å snakka om alt det 'gode' «dei som ikkje sit der, og har endå betre peiling» omtalar deg som.

Alle dei som vil ha, men ikkje vil betala…

«Kvifor skal dei leggja ned skular?»

«Skam mot politikarane som ikkje tenkjer på dei eldre!»

«Idiotar!!»

«Ta heller å kutt til i administrasjonen!»

«Eigedomsskatt!?. No må dei f… meg skjerpa seg!»

Les også
Medan kommentarfeltet kokte, tok folk kontakt på tomannshand for å takka

Slike omtalar er daglegdagse for dei som forsøkjer å leggja kabalen i vårt samfunn kvar dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikkje for meg, eg vert berre kalla inn når andre ikkje kan (vara), men alle dei andre, anten dei er høgre, venstre eller «sentrumsvridde».

Fytti grisen, for eit arbeid dei gjer.

Les også
Føreslår å leggja ned seks barneskular og to barnehagar. Dette er éin av dei.
Les også
Føreslår å kutta meir enn 30 årsverk ved sjukeheimane i kommunen

Torsdag fekk me dei siste to delane av PWC sine rapportar, og det var ikkje lysteleg, for å seia det mildt.

Men PWC sa noko som ingen i media har omtala (som eg har sett), nemleg at Bjørnafjorden kommune er usedvanleg godt drive både politisk og administrativt!

Altså så er det ikkje mangel på kompetanse eller vilje, men økonomi.

Les også
Har vurdert grunnlaget for auka samarbeid med andre kommunar
Les også
Kjære politikarar i Bjørnafjorden kommune!

Når eg les kommentarfelta, er det lett for å bli provosert av ignorante kommentarar, men til dei vil eg seia: Sjølv om det politisk kan vera store skilnader, er alle i styringa opptekne av å vera venlege med kvarandre og visa kvarandre respekt.

Vi er heldige som bur i eit av verdas beste og tryggaste land på ein av dei vakraste plassane i Noreg.

Les også
Tillitsvalt uttrykkjer sterk uro: – Korleis skal vi få dette til?
Les også
Om nedlegging: — Naturleg at slike forslag skaper uro

Men no må vi alle skjøna at nett no må vi gløyma fortida og tenkja opp att på både valløfte og kva vi meinte i 2019.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er alvor og det er nye tider.

Alt godt elles.

Geir-Magne M. Johnsen

Les også
Kjære politikarar, veit de kva de gjer no?
Les også
Kva vil kutt på nær 100 mill. gjera med helsetilbodet? Fleire politikarar uttrykkjer sterk uro