Nei: – Dette vil me på vegner av dei tilsette seia neia til.

Kjære politikarar, veit de kva de gjer no?

De må kjenna til konsekvensane av dei grepa de gjer. Og de må stå for dei. Kan de det? Og korleis?

Bjørnafjorden kommune skal spara opp mot 100 millionar kroner. I rapporten som revisjonsselskapet PWC har utarbeidd, er om lag 40 tiltak i helse og velferd lagt på hoggestabben. Omfanget og innhaldet av dette, for ikkje å snakka om konsekvensane av dei føreslegne kutta, er ikkje vurderte.

Tillitsvalde og verneombod for tilsette i eininga Fusa bu og behandlingssenter og heimetenester vil med dette innlegget retta vår aller største varsku om dei enorme konsekvensane de som politikar må kjenna til, men som ikkje kjem fram i reknestykka i godt betalte PWC-rapportar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kompetanseflukt

For tenestemottakarar, pårørande, for tilsette og for heile kommunen vår, vil innsparingane de legg opp til, gje fatale konsekvensar. Me har alt mista verdifull kompetanse og fantastiske kollegaer både “på golvet”, på avdelingsleiar- og på einingsleiarnivå.

Fleire tilsette ser seg om etter anna arbeid. Ingen klarar å stå i ein arbeidskvardag de skisserer for oss tilsette, som de skal leggja arbeidsgjevarpremissar for. Som ein av kollegaene våre sa; “Eg er ikkje 25 år lengre, eg klarar ikkje dette køyret meir”.

Og kommunen prøver å rekruttera nye tilsette. Viser til ei stillingsutlysing for ei helgestilling i heimetenesta vår. Her er klipp frå heimesida:

Arbeidsoppgåver:

* Pleie- og miljøarbeid

* Medansvarleg for dokumentasjon og medikamenthandtering

* Ansvar for å gje hjelp ut ifrå brukaren sitt vedtak og til avtalt kvalitet

* Bidra til god ressursutnytting og tverrfagleg samarbeid

Artikkelen held fram under annonsen.

* Bidra til at interne og eksterne lover, reglar og prosedyrar blir følgde

* Fokus på fagutvikling

* Vera pådrivar for planlegging, iverksetting og evaluera tiltak

* Bidra til godt samarbeid med brukarar og pårørande

* Bidra til godt arbeidsmiljø

Dette seier vi nei til

Ein treng ikkje vera samfunnsøkonom eller rapportskrivar hos PWC for å forstå at arbeidsoppgåvene i stillingar me prøver å rekruttera nødvendig arbeidskraft til, ikkje harmonerer med dei ressursane me står igjen med etter dei føreslegne nedskjeringane.

Då er ikkje tida ein brukar på alle mila som blir køyrt i løpet av ei vakt, nemnd. Heller ikkje at det å gje hjelp ut ifrå brukaren sitt vedtak og til avtalt kvalitet, ikkje er ein straumlinjeforma prosedyre slik fleire daglege rutinar i eit kontorlandskap kan ha.

Heller ikkje at me står i daglege, akutte situasjonar med liv og død og komplekse prosedyrar i nevane, då det er menneske me arbeidar med. Desse menneska har eigne liv og ulike lagnadar, som me tilsette skal prøva å yta bistand til og for.

Artikkelen held fram under annonsen.

Desse menneska lever eigne liv etter eigne ynske, ressursar og føresetnader, som me pliktar å tilpassa oss etter. “Desse menneska” blir fleire og fleire og sjukare no, og de som er folkevalde vil no gje dei mindre og mindre ressursar. Og dette set de oss tilsette til å forvalta. Dette vil me på vegner av dei tilsette seie nei til.

Dette blir konsekvensane

Me som er tillitsvalde og verneombod uttalar oss på vegner av dei tilsette. Dagens situasjon før dei planlagde kutta er alt bekymringsverdige. Kvardagane er særs travle frå før av. Det manglar allereie nok kompetanse, særskild på kveld og helg. Konsekvensar av dette ser me i observasjonar hos brukarane.

Fleire utviklar sår og infeksjonar. Alt arbeid som er lagt ned for å få gode rutinar på ernæringsarbeidet og riktig ernæring, blir dårlegare. Helsefagarbeidarar står fleire timar på postkjøken for å ferdigstilla mat frå hovudkjøkenet, brukar tid på pålagde oppgåver i oppvask og i vaskeri, medan kompetansen deira trengst i avdelingane hos brukarane.

Det er ikkje ressursar til aktivisering og sansestimuli.

Med færre folk på jobb er det ikkje kompetanse igjen. Sjukepleiarar går ofte åleine som sjukepleiar med overordna ansvar for alle avdelingar. Konsekvensar av dette vil bli fleire sjukemeldingar og oppseiingar.

Gratisarbeid

Det er ikkje realistisk at vedtekne tenester for tenestemottakarar kan bli innfridde utan ressursane de no vil ta vekk. Heller ikkje at arbeidsoppgåvene våre rekk å bli utførte, eller at vakta vår strekkjer til for menneska og oppgåvene våre. Har de rekna på kor mykje gratisarbeid som vert utført i eininga vår?

Befolkninga får fleire eldre, med fleire og meir komplekse lidingar. Talet på personar med demens i kommunen vår aukar, slik som prognosane har peika på i fleire år. Viser her til tala for Bjørnafjorden kommune på www.demenskartet.no. Og endå fleire vil det bli.

– Kven rammar det?

Det er lange avstandar me køyrer på vaktene våre. Geografien i Fusa er vidstrekt, og me har fleire månader med vintervegar på både kommunale og private vegar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Slik vart det referert til i avisa for kort tid sidan, om brøytebudsjettet i kommunen vår; “Brøytebudsjettet er sprengt, men me kan ikkje la vera å brøyta”.

Slik ynskjer me òg å seia om vårt budsjett: “Pleie- og omsorgsbudsjettet er sprengt, men me kan ikkje la vera å gje pleie og yta omsorg”.

Dersom de no går inn for dei føreslegne kutta dykkar, lyt de rydda slagmarka sjølv etter dykk, om de vil prøva laga nye vegar oppå denne. Rapportane de har bestilt, manglar konsekvensutgreiing. Kven rammar det?

Gjennom ei årrekkje har høgt fokus på kompetanseheving og fagutvikling gitt høg kvalitet på tenestestandarden i kommunen vår. Dette er i tråd med nasjonale føringar og forventningar. Viser mellom anna til kvalitetsreforma ved eitt av dei sentrale dokumenta herfrå; om intensjonen i samarbeidsavtalen mellom regjeringa og KS:

“Det er de seinare åra lagt fram fleire meldingar og planar for å møta dei store demografiske utfordringane samfunnet står overfor. “Leve hele livet” byggjer på initiativ og tiltak som alt er sette i gang for å utsetja og forhindra sjukdomsutvikling, fremja meistring og livskvalitet og styrkja kompetansen, kvaliteten og kapasiteten i helse- og omsorgstenestene. Mange av dei pågåande satsingane vil bli vidareførte i åra framover og utgjer noko av fundamentet i “Leve hele livet”.

Difor kan ein ikkje gjennomføra kutta

Kommunen vår re-signerte nyleg avtale med Nasjonalforeningen for folkehelsen, om å vera ein demensvenleg kommune.

Kommunen er forplikta til framleis å driva kompetansehevande arbeid på alle nivå. Både for tilsette, tenestemottakarar, pårørande og for lokalsamfunnet vårt. Difor meiner me at kommunen ikkje kan gjennomføra dei planlagde kutta.

Nedskjeringane de no legg opp til, vil medføra kompetanseflukt og tap av ein allereie utarma arbeidsstokk. Aktivitørstillinga vår ved Fusa bu- og behandlingssenter er no vekke. Me ser allereie konsekvensane. Berre to veker etter at aktivitøren gjekk av med pensjon, og ved at me ikkje får tilsetja ny, jamfør PWC-rapporten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me kan visa dykk tal på fall hos bebuarar som er registrerte no på desse 14 dagane, av di me ikkje har aktivitør i fellesareala meir. Me går no frå kaos til krise. Tilsette står ikkje i det over tid om dette blir den nye kvardagen.

Treng at de er med oss

Kom opp på FBBS og ver med oss i arbeidsdagen og -natta vår, og vis oss: Kor er det de med handa på hjarta og på rapportane dykkar kan seia at “Dette har eg som politikar vore med og tilrettelagt for”?

Ver med oss på mil etter mil på dårlege vegar, ver med oss inn til einsame sjuke og eldre som av tallause årsaker ikkje er i stand til å “ta imot vedtaket sitt etter avtalt kvalitet”, når tidsskjemaet på arbeidslista vår tilseier det, og når me manglar nok folk på vakt.

Ver med oss til eit utal slitne pårørande som står i krevjande omsorgsoppgåver. Dei har ingen som kjem og avløyser dei.

Me treng at de er med oss, då de legg opp til at frivilligheit skal overta og avlasta oss delar av oppgåvene våre.

Me treng at de kjem, for sjukefråværet innan sektoren vår er stabilt høgt, jamfør tal frå NAV Vestland: “Sjukefråværet er høgst i helse- og sosialsektoren. Det er også innan helse, pleie og omsorg det er flest ledige stillingar”.

Samanhengen talar for seg.

Framtida?

Kva skal me skriva her, kjære politikarar? Som tillitsvalde og verneombod for tilsette i eininga vår, rettar me igjen oppfordringa vår til dykk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til liks med den seinare tidas fleire innlegg frå våre gode kollegaer i heile kommunen, har de no motteke tallause varsku. De må kjenna til konsekvensane av dei grepa de gjer. Og de må stå for dei. Kan de det? Og korleis?

På vegner av tilsette i eininga Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS) og heimetenester:

Anne-Siv Skåthun Berge

Plasstillitsvalt for Delta, heimetenester

Margaret Berge

Plasstillitsvalt for Delta, FBBS

Gerd Skåtun

Plasstillitsvalt for Fagforbundet, heimetenester

Siri Anne Bringe Hope

Plasstillitsvalt for Fagforbundet, FBBS

Renate Utskot

Verneombod, FBBS

Kristin Henanger

Verneombod, heimetenester