Gunnar Kvåle: N/A

Grunn for håp eller ny fiasko?

I desse dagar er Madrid senter for klimaeliten i verda. Vil Greta Thunberg få rett i det ho sa til deltakarane ved FN sitt klimatoppmøte i Polen for eitt år sidan? «De har ignorert oss til no, og de vil ignorera oss igjen».

Tjuefem år med klimatoppmøte har diverre ikkje ført til endring som monar. Politisk vilje til handling har mangla, og globale klimagassutslepp held fram med å auka.

Norsk klima- og oljepolitikk gjev liten grunn for håp om endring. Me har auka eigne CO2-utslepp med over 25 prosent sidan 1990 medan utsleppa i EU har gått ned rundt 20 prosent. Me held fram med å leita etter olje og gass sjølv om verda har funne meir enn me kan bruka for å kunna unngå farlege klimaendringar. Det internasjonale analysebyrået Climate Action Tracker skriv at norsk politikk fører oss mot ei global oppvarming på mellom 3 og 4 grader, dersom andre land ikkje gjer meir enn oss.

Artikkelen held fram under annonsen.

Som eit rikt oljeproduserande land ansvarleg for store klimagassutslepp, har Noreg moralsk ansvar for å gå i front med handling som monar. Me bør bruka den oljebaserte formuen vår til meir støtte til land som i dag blir råka av konsekvensane av oljeproduksjonen vår og for klimavenleg omstilling av vårt eige samfunn. For å ha moglegheit for å unngå ei global oppvarming på over to grader, må klimagassutsleppa i høginntektsland kuttast med meir enn 10 % per år. Halvering av utslepp i Noreg innan 2030 er for lite.

Faren er dessverre stor for at forhandlingane i Madrid vil gi utilstrekkelege resultat. Den verdsomspennande mobiliseringa som har funnen stad etter at Greta Thunberg starta klimastreik framfor Den svenske riksdagen, gir likevel grunn for håp. Eit stort folkeleg engasjement som held fram etter toppmøtet i Madrid må til for at politikarar i Noreg og andre land skal leggja opp til ein langt meir ambisiøs klimapolitikk. Berre då kan me nå vedtekne klimamål og slik kunne redusera risiko for svært alvorlege klimaskadar.

Store utsleppskutt er mogeleg, og me har alle eit ansvar. Dersom dei 10 prosent med høgste utslepp i verda hadde kutta utsleppa til gjennomsnittsnivået i EU, vil globale gått ned med 30 prosent. Me kan oppnå mykje om stadig fleire gjer som Greta Thunberg: Snakkar sant om klimakrisa, krev raske og gjennomgripande politiske endringar og prøver å leva som me lærer!

Gunnar Kvåle

Landsstyremedlem

Besteforeldra sin klimaaksjon