Hotelltomta, Mobergsneset, utbygging, hotell, Oseana
Slik vert hotellet på Mobergsneset illustrert i planinitiativet.

DEBATT

Hotellplanane – kva er eigentleg i det for Os?

Eit hotell med 200 rom vil gje eit løft for heile sentrum.

Tilsvar til Reidunn Hernes: «What’s in it for Os?»: Hotell-etableringa er i høgste grad for oss som bur her frå før.

Det er lett å forstå at mange reagerer når eit stort hotell er planlagt midt i sentrum. Uro for utsikt, parkering og byggehøgd er reell og bør møtast med respekt.

Samstundes er det viktig å sjå på kva Os faktisk kan vinna på eit slikt prosjekt – ikkje berre kva som kan gå tapt.

Eit hotell med 200 rom vil gje eit løft for heile sentrum.

Det vil skapa mange nye arbeidsplassar, både i sjølve drifta og hos lokale leverandørar. Når folk bur, et og møtast i sentrum, får butikkar, kafear og andre verksemder fleire kundar – og sentrum får liv også etter arbeidstid.

Særleg interessant er koplinga til Oseana.

Kulturhuset har kapasitet til store arrangement, men manglar overnattingsplassar. I dag må mange konferansar og kulturhendingar takka nei fordi det ikkje finst rom i nærleiken.

Med eit hotell vegg i vegg vert Os straks meir aktuelt som vertskap for større, både nasjonale og internasjonale, arrangement. Det vil gje meir aktivitet, fleire gjester og større omsetnad i heile lokalsamfunnet.

Eit hotell vil òg gje betre tilbod for oss som bur her: Restaurant, selskapslokale og møteplassar for alt frå bryllaup og konfirmasjonar til næringslivssamlingar og julebord.

At det er parkeringsplassar som går tapt, ser dessverre ut til å vera ei utbreidd misforståing.

Denne tomta skulle bli brukt til ytterlegare bustadblokker, men så kjøpte kommunen ho for å gi sentrum sjansen til å få eit sentrumsnært hotell. At Oseana og badegjestar har kunna låna denne i over ti år, til parkering, har vore ein bonus, men var aldri målet.

Ja – prosjektet må løysast med omtanke for naboar, trafikk og utsikt.

Men å seia nei til alt som er stort, nytt eller utfordrande, fører oss ikkje framover. Os treng utvikling som skaper arbeid, liv og stoltheit over staden vår.

Så – «What’s in it for Os?»: Svaret er eit meir levande sentrum, fleire arbeidsplassar, fleire besøkande og eit sterkare grunnlag for både kultur og næringsliv. Det er i høgste grad for oss.

Geir Bjørkeli

Utflytta osing – men ikkje lenger vekke enn at eg framleis bryr meg om livet på Øyro

Powered by Labrador CMS