Utelate: Eg har teke med heile reknestykket, men det kan sjå ut til at det er nokre viktige føresetnader Gissinger har utelate i sitt innlegg.

Joda, Gissinger, eg har teke med heile reknestykket

Håkon Kvåle Gissinger har bede meg ta med heile reknestykket på forskjellen i energiforbruk på ferjer vs vegtransport.

Han meiner eg tek feil og grunngjev sin påstand med el-ferja på Sognefjorden (Lavik-Oppedal). Denne ferja er langt mindre enn «våre» ferjer, ho går i 11 knop og har ein kort overfart.

Les også
Du må ta med heile reknestykket, Halleraker!

Dessutan reknar Gissinger med full kapasitetsutnytting på kvar tur. Slik er det jo ikkje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men sjølv med hans føresetnader, vedgår han at ferga der har 30% høgare energiforbruk. Eg kjenner ikkje til dette sambandet, så dette må stå for Gissinger si rekning.

Men eg kjenner til føresetnadene for vårt hovudsamband, og her er situasjonen heilt annleis.

I vårt samband går fem av Norges største ferjer med kapasitet på 180 pbe. Difor er energiforbruket høgt.

Halhjem-Sandvikvåg er eit spesielt samband på grunn av lengda (23 km) og farten i dag (17 knop). Difor går ferjene fort med ei overfartstid på 45 minutt. (20 knop gjev 40 minutt overfartstid som dei tidlegare gassferjene til Fjord 1.)

Energiforbruket aukar kraftig ved storleik/tyngde og fart, og forskjellen imot veg aukar med lengda på overfarten.

Ein kan illustrera dette i ein tabell (dei tre bileta under) som viser energiforbruk per personbil/km (MJ/pbkm) Ref. Statens Vegvesen:

Som ein kan sjå aukar energibehovet drastisk med farten og kapasitetsutnyttinga.

Eg har sagt at energiforbruket er 20 gonger større med ferjedrift i vårt samband. Det viser tabellen til Statens vegvesen at er rett med god margin.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
«Fake-news» om Hordfast

Ferjene våre har eit energiforbruk på 475.000 kwt per dag, og tilsvarande biltrafikk har eit energiforbruk på 60.000 kwt per dag

Så joda, Håkon Kvåle Gissinger, eg har teke med heile reknestykket, men det kan sjå ut til at det er nokre viktige føresetnader du har utelate i ditt innlegg.

Det er òg godt mogeleg at framdriftssystemet i ferjer ein gong i framtida vert endra frå dagens hybrid (LNG/straum) til straum, hydrogen eller ammoniakk, men energibehovet vert det same uansett framdriftssystem.

Det vedkjem uansett ikkje Sandvikvåg-Halhjem, for her kjem det veg før den tid.

Øyvind Halleraker

Dagleg leiar

Hordfast AS