Har det noko for seg?: Kjære ordførar og alle andre politikarar, har smittevernsreglar i skulen noko føre seg i det heile?

Kjære Trine, dette er ikkje lett. Prøv gjerne mine sko

Vi prøver vårt beste. Eg gir omsorg og læring. Eg gir bort eit knekkebrød og bananen i nista mi. Eg held ikkje avstand til ho som har angst eller han som gret.

Eg ser at de går ut og oppfordrar ungdomen til å tenka meir på smittevern. At vi i Bjørnafjorden må unngå å koma der som Bergen er no, med fleire innstrammingar i personleg fridom. Og at ungdomen må skjerpa seg.

Les også
Bergen strammar inn - Bjørnafjorden innfører ikkje tiltak no

Vel, eg jobbar i ungdomsskulen. Eg er kommunalt tilsett. Og eg får meldingane frå deg og kommunedirektør Christian Fotland om at vi er flinke og at vi skal halda fram å driva bra. Og at alle som kan, skal ha heimekontor. Men eg kan ikkje det! Og veit de eigentleg korleis vi har det i kvardagen? Veit de korleis vi driv skulane dykkar? Kommunen vår?

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi forstår at de alle vil oss vel. Vi veit at alle intensjonar er med beste vilje og at de har ein god baktanke med alle trafikklys og reglar og gode formeiningar.

Men det er ikkje lett å vera ungdom. Kan du hugsa, Trine, korleis det var å vera 15? Og kan du tenka tilbake på korleis kropp, hud og tannregulering var altoppslukande faktorar i kvardagen? Kor viktig det var kva venene dine meinte? Før politikk, fornuft, vilje, pasjon og kunnskap var verdiar som talte? Hadde det på den tida vore kult at du var den einaste som hadde munnbind på bussen?

Tenk deg, rett før konfirmasjonen din, kunne du heva deg over eigne sperrer og gje melding til klassekameratene dine om at dei måtte sprita pulten sin og sitja der på same plass gjennom heile skuledagen? Og sjølv om du berre hadde ein einaste ven du følte deg trygg på, ikkje kunne eta med han, grunna smittevern. Hadde det vore greit, trur du?

Ville du stått opp framfor 29 medelevar og bede dei sitja på same stol gjennom ein heil dag utan å gå for mykje rundt? Ville du vore den einaste i klassen som vaska og sprita hender på veg inn og ut av timen? Fordi du visste at bestemor knapt ville overleva ei forkjøling.

No må du ikkje tru at vi i skulen ikkje minnar elevane på dette, går rundt med spritflaska og masar på handhygiene. Men det er slitsamt å vera politi og det betrar ikkje relasjonsbygginga til elevane mine.

Og kva med friminutta, kjære ordførar? Tenkjer du at det er frie minutt for våre ungdommar? Dette er ikkje lett. Kom gjerne ein tur på skulen vår. Prøv gjerne mine sko. Og snakk til ungdomen. Høyr på dei.

Som lærar er det frustrerande å skulle ivareta ungdomen, psykisk helse, godt arbeidsmiljø, god pedagogikk/metodikk og god kontakt med heimen.

Og ja, læring, sjølvsagt. Og, var det nokon som meinte vi burde vera oppdaterte på ny læreplan? Og på kommuneøkonomi? Bjørnafjorden 2022?

Artikkelen held fram under annonsen.

Veit du, vi prøver vårt beste. Eg gir omsorg og læring. Eg gir bort eit knekkebrød og bananen i nista mi. Eg held ikkje avstand til ho som har angst eller han som gret. Eg er den vaksne som er kvardagen og stabiliteten for dei som lever i konflikt eller vekslar mellom turbulente heimar. Eg bruker kveld og helg på å laga inspirerande undervisningsopplegg.

Og eg prøver å oppmoda ungdomen til å halda avstand. Men det er ikkje lett.

Så, kjære Trine og alle andre politikarar, har smittevernsreglar i skulen noko føre seg i det heile? Har vi rom og plass til å halda avstand? Veit de noko om dette? Har de møtt ungdomen og prata med dei om smittevern? Er vi i skulen mange vaksne nok til å overhalda noko som helst av velmeinande påbod og anbefalingar?

Eg er politi for reglane dykkar. Dobbelmoralsk, kanskje. Men eg er lærar. Og eg bryr meg om elevane mine. Med over 100 nærkontaktar kvar dag, utset eg meg sjølv og familien min for risiko. Kvar dag. Det hadde vore fint med heimekontor.

Så når de no går ut og oppfordrar ungdomen til å tenka meir på smittevern; snakk direkte med dei. Høyr på dei. Sjå korleis det eigentleg er. Velkomen skal de vera. Ta gjerne utfordringa: Prøv mine sko.

Elisabeth Djuvik Hanstvedt

Lærar