Ja eller nei: Øyvind Tøsdal har to spørsmål til Ståle Øvrebø, og vil ha ja eller nei som svar.

Kommentar og to spørsmål til Ståle Øvrebø

Plan- og bygningslova er ei ja-lov. Dersom det ikkje uttrykkeleg er sagt at eit tiltak er ulovleg, så skal det godkjennast.

All den tid du nemnde mitt namn i innlegget ditt i Os og Fusaposten fredag 20. mars og avsluttar med: «Og vi vil jo helst følgja lova, vil vi ikkje?» ser eg meg nøydd til å kommentera innlegget ditt.

Eg oppfattar det slik at du på ein, etter mitt syn, utilbørleg måte insinuerer at underteikna skulle meina at lova ikkje skal følgjast. Sjølvsagt skal alle lover og reglar følgjast. Det er viktig at du ikkje prøver å framstilla det som om underteikna på noko som helst vis og på noko som helst tidspunkt har meint, eller skulle ha meint at lover og reglar ikkje skal følgjast!

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Som eit gufs frå fortida - svar til Ole Haakon Lunde

Eg vil berre minna deg på at Plan- og Bygningslova er ei ja-lov. Dersom det ikkje uttrykkeleg er sagt at eit tiltak er ulovleg, så skal det godkjennast.

Les også
Bjørnafjorden kommune – ja- eller nei-holdning?

Eg har følgjande to spørsmål til deg Ståle Øvrebø: Eg ønskjer at du svarer på spørsmåla med ja eller nei:

Spørsmål éin:

Er det i strid med Plan- og Bygningslova å gi løyve til regulering av eit mindre areal enn heile arealet sett av til utbygging i gjeldande område? Ja eller nei?

Spørsmål to:

Er det ulovleg å gi dispensasjon til bygging i 100-metersbeltet mot sjø, utan å måtta gå gjennom prosess med reguleringsplan først, for ei tomt som i arealplanen ligg i område sett av til bustadbygging? Ja eller nei?

Øyvind Tøsdal