KRONIKK

Kongens død: Gjennom det kongelege "Vi" vart me oss

Så kom regnet, hausten – og døden.

Kvelden før hadde eg og karane feira den siste sommardagen med sol og 23,6 grader. Yr.no hadde meldt regn dei neste dagane og ut månaden. Me tok ein skål for Kongen som låg på hospitalet og for sommarens siste dag mot fullmånen som lurer seg over Eikelandsaksla.

Fullmånen lyste som eit kjærkome, kulerundt skrømt gjennom alvorlege profilar av furuskog. Makrellen beit i fjorden. Jakthistoriene smaug seg på. Om å liggje bak ein steingard i Vikedal med fingeren på avtrekkaren. Om termisk sikte som syner dyr som levande omriss i nattemørkret. Om å sjå og høyre tolvtaggarar som brøler til kvarandre frå kvar sin haug, store bukkar med veldige bringer.

Du høyrer ikkje så mykje slikt her inne i fjordbotnen, men om du står på Hovda og lyder sørover mot Berrsbygdo høyrer du dei. Ikkje no så mykje, men i slutten av oktober. Reiser ikkje alle håra seg i nakken på deg når du høyrer slikt, då er du ikkje heilt riktig.

– Du går vel ikkje mykje på jakt du, seier ein lurt.

– Nei, men første gongen eg skaut på blink, trefte eg midten, men vart så skjelven at eg måtte leggje rifla frå meg, og så vart det ikkje noko meir.

Me ler. Hjorten ja, – men så er det denne elgen, seier ein annan.

– Elgen er f.. meg noko av det styggaste. Etter at alt vart skapt, så var det nokre greier igjen. Kva gjer me med dette, då? Nei, me får laga ein elg, då!

Dagen etter er eg i lokala til Fusa Taxi då nokon seier at Kongen er død.

Drosjesjåførar transporterer folk og historier, og det gir meining at det er her ein får vita slikt.

Tre flagg på halv stong dukkar opp på Promenaden mot sjøen, alle med vindretninga greidd same veg. Kongehusreporteren i NRK melder det same på ulike måtar i timesvis og snur og vender på dei same analysane.

I Fusa skal ungdomar bytest på å ringja med kyrkjeklokkene i Hålandsdalen. Tidlegare generalinspektør i Sjøforsvaret dukkar opp og seier slikt som bør seiast, med pin frå Norsk reservistforbund på jakkeslaget.

I den opne kyrkja på Fusa lagar vinden små knirkelydar i kyrkjerommet, og i bakgrunnen slår det lågt i ei dør. Harald R i smoking og glas og ramme på eit lite bord i midtgangen, og i koret, veggmåleriet med teksten «og Han gav dei levande vatn».

Det er nesten ingen der, og eg innser kor feil det blir å prata med folk når dei kanskje har ein samtale med Vår Herre. Så eg pratar med desse «Nesten Ingen», om Keilen og konfirmantførebuing på 70- og 90-talet. Me snakkar lågt som om dei som ikkje er der kan høyre oss og bli forstyrra.

I pausane ser ein oppover mot lysekrunene, høgpolerte brurekruner som heng ned frå pendlar i taket, satellittar i skinande gull, festa i eit himmelblått tak delt opp i ruter, som koordinatar på eit kart. Eller er det tomme sider i ei blå bok?

På veg ut i vinden igjen treffer eg Margunn som seier: Han var god til å sjå menneska rundt seg.

Sorga på tv er mørke dressar, svarte bilar, folk som står stille med paraply. Denne sorga rører seg som på overflata, og det er lengre ned til det under enn det som er vanleg. Men det er der.

Den nye kongens tale til folket sitt, og det nye offisielle portrettet der han utan smilefjes ser overraska ut inn i kameraet. Eit nake fjes i uniform. Er det slik det ser ut på denne sida, ser det ut som han tenkjer. Då er det eg? Då er det du? Då er det oss?

Det er Kongen, den einaste staden der nasjon og stat møtest. Nasjonens førestillingar, songar og vage minne møter politiets forenkla førelegg, skatteetat og Regional vegplan.

På Promenaden dukkar det opp nokre bukettar. «Takk for alt du har gitt for landet og folket ditt» står det på eit kort skrive med blå kulepennskrift som løyser seg opp i duskregnet.

Og så er det borgfred. Politikarane skal ikkje diskutere. Den norske prateklassen og kommentariatet går heilt i spinn, det luktar desperasjon. Dei 140 kommunikasjonsrådgivarane på Stortinget spring rundt for å få inn ein finte ad omvegar, det er krise. Om me legg litt tungt med Kongen-er-død-stoff på toppen, kan me få skravle litt likevel, tenkjer NRK.

– Dette er så rørande at det må kommenterast, seier Morten Sandøy i TV2 under gravferdssendinga ned Karl Johan.

–Nei, Morten Sandøy, det må ikkje det. Hald fred. Eg treng ikkje bli forklart kva som er rørande, dette finn eg ut på eiga hand utan skravlefølgjebrev og brukarrettleiing. Mot ein siste militærparade og det uniformerte Noreg må sjølv dei som er betalt for å opne kjeften, stagge seg. Til slutt.

Statsministeren nikkar til dronning Sonja i Oslo domkyrkje, og gravfølget følgjer stadig smalare gater mot Akerhus festning. Det blenkjer i bajonettar medan den monotone gravmusikken spelar. Eit kamera med utsyn over borggarden får eit lite ope vindauge i linsa.

Til slutt må båra inn gjennom ei dør i middelalderen der gardistane må gå sidelengs for å kome igjennom opninga. Privat seremoni. Frå dronebilete av Slottsplassen og wide screen, og alt dette vide og breie smalnar inn til ein tankestrek - .

Og så kjem regnet på tv. Og då vaknar desse undertrykte pratarane. Den gamle er knapt kome i sarkofagen før bensin- og dieseldebatten logar opp med eit letta sukk frå drivstoffpumper og mikrofonar og som kan høyrast over heile staten.

Alt har vore snudd og vendt på fleire gonger, og det som hadde noko tyggemotstand er gnege i filler for lenge sidan. Laksefiske, humoren, blikket. Eg har min versjon og den er min. Den berre er.

Tenk å berre få vere. Utan å vere skyts i ein krig eller i ein diskusjon. Det var det som gjorde talen i Dronningparken så sterk. «Norge er oss», sa Kongen med sitt kongelege Vi. Du treng ikkje å bli diskutert, du treng ikkje argumentere for din eigen eksistens. Anten du er skeiv, bein, gamal, ufør, utlending – eller kanskje mest sannsynleg og ganske overraskande i våre tider – heilt vanleg. Staut norsk i alle kanalar. Me er heilt vanlege heile gjengen. Verken geniale eller klaskande galne. Gjennom det kongelege Vi vart me oss.

To dagar etter er det nymåne. Linerlene jagar kvarandre langs strandlinja i veldige kast. I ein av dei seine nattetimane er eg vaken og ser inn i nakken på verdas vakraste som er glad i meg. Alt berre er. Ute ein stad i natta brølar nok hjorten. 

Det er ingen frase, men meint heilt bokstavleg og kanskje også heilt naudsynt i desse skravle- og tyggetider: Gud bevare Kongen og landet vårt.

Morten Holmefjord

Powered by Labrador CMS