Richard Markhus (f.v.), Line Furubotn Storum, Jo Rune Ugulen Kristiansen, Trine Lindborg, Tim Henrik Sperrevik og Helge Steinum.

DEBATT

Korleis driv ein politisk styring?

Kor er den politiske leiarskapen når det ikkje er snakk om «gladsaker»?

 

Når store og dramatiske endringar skjer i helse- og velferdstenestene våre, forventar innbyggjarane at politikarane som styrer kommunen vår, H/Frp i samarbeid med KrF/INP, skal ta både ansvar og avgjerder.

Slik er det diverre ikkje alltid i Bjørnafjorden.

Kor er den politiske leiarskapen når det ikkje er snakk om «gladsaker»?

Store strukturelle endringar blir no presenterte som reine orienteringssaker i dei politiske utvala, og politisk står ein ikkje fram og frontar vedtaka som den pågåande omstillingsprosessen inneber.

Kommunestyret stemte for det overordna prosjektet med heilskapleg innsats- og bustadtrapp, men gav vi inga blankofullmakt. Arbeidarpartiet med fleire presiserte at store og viktige strukturendringar framleis krev politisk behandling trass i eit overordna vedtak.

Vi tek innover oss at omorganisering og endring tvingar seg fram, men vi vil behalda retten til å stemma imot eller fremje eigne forslag. Vi vil synleggjera våre løysingar, vårt syn, og dei tydelege skilnadene på rammene som låg til grunn i eigne budsjett.

I fleire år har vi lyfta fram små grep og førebyggjande tiltak som vil kosta mindre, og gjera stor nytte. Med ekstra pengar i budsjetta våre har vi blant anna foreslått Omsorg+ i kommunale bygg, og å styrkja førebyggjande arbeid både for å hjelpa innbyggjarane tidleg, og å betre sikra og behalda den kritiske kompetansen vi har i Bjørnafjorden.

Frå politisk leiing har vi vorte møtt med kritikk om at forslaga våre er for små og for lite handlekraftige. Då dei same alternativa vart trekte fram av konsulentane i Agenda Kaupang, vart dei brått aksepterte som gode innspel. Det er vi sjølvsagt glade for!

I budsjettet for 2026 la Arbeidarpartiet til dømes inn 10 millionar meir på helse og velferd, nettopp fordi vi veit at omstilling kostar. Vi meiner at tempoet vi har no med nedlegging av sjukeheimsplassar, er feil medisin.

Andre tenester og organisering må på plass, dei må styrkast, før ein kan vurdera å kutta i senger. Alle betalte liggedøgn på sjukehus illustrerer diverre dette svært tydeleg. Vi lukkast aldri med ei omstilling utan å bruka meir pengar no, for igjen å kunne spara ressursar lenger framme.

Dei som er så sjuke i dag og treng ein sjukeheimsplass, blir ikkje friskare og færre fordi det er bestemt at det skal omstillast. Samstundes må vi anerkjenna at dei som jobbar i tenestene våre har tøffe arbeidsdagar og ofte kjenner på ei frykt for ikkje å strekkja til. Den noverande situasjonen fortel oss kor viktig det er å ta vare på våre tilsette slik at vi både held på dei vi har, og klarar å rekruttera fleire.

Politikk handlar om prioritering. Openheit er også ytst sentralt. Dersom fleirtalet meiner det er rett å flytta, eller leggja ned avdelingar, må dei tora å stemma for det i kommunestyret og ta ansvaret for vala sine. På same måte må vi som er ueinige, få lov til å visa innbyggjarane at det finst alternativ. Store enkeltsaker og strukturelle endringar må bli lyfta opp til reell, politisk handsaming.

Sterke innlegg i lokalmedia om pårørande sitt tunge ansvar viser kvardagen folk står i, og kvifor desse omstillingane krev open politisk behandling. Innbyggjarane, tilsette, pårørande og brukarar fortener å vita kvar vi står. Det sitjande fleirtalet må ta ansvaret sitt tilbake. Det er nemleg dei som legg rammene gjennom sine budsjett og prioriteringar.

Kvifor er nedlegging av ein skule ei klar politisk sak, medan flytting av tenester og store endringar for sjuke og eldre ikkje skal behandlast politisk?

Arbeidarpartiet kjem i kommunestyret 17. september på ny til å fremja interpellasjonen som ikkje vart behandla i juni, då kommunestyremøtet vart avslutta før alle sakene var behandla.

Sjå interpellasjonen i sin heilskap i faktaboksen.

Trine Lindborg

Line Furubotn Storum

Richard Markhus

Helge Steinum

Julia Vetaas

Jo Rune Ugulen Kristiansen

Bjørnafjorden Arbeidarparti si kommunestyregruppe

 

 

 

Interpellasjonen

I tenesteutvalet den 3. juni la Arbeidarpartiet saman med Sp, V og KrF, inn følgjande protokollmerknad i sak 31/2026, saka med statusoppdateringar om heilskapleg innsats- og bustadtrapp:

«Det har vore ei forventning frå politikarane om at vi skal få saker til politisk handsaming, men det vi no får i praksis er presentasjonar av relativt store strukturelle endringar utan at vi har noko form for politisk innflytelse på korleis dette vil sjå ut i framtida. Dette er ikkje godt nok. I 1. tertial 2026 vert det jamvel sagt at «Budsjettvedtaket legg opp til at tenesteutvalet skal vere tett på og aktivt følgje opp dei ulike prosjekta i innsats- og bustadtrappa. Dette sikrar framdrift, prioritering og politisk styring. I kvart møte i tenesteutvalet blir eitt eller fleire prosjekt presentert». Korleis kan vi driva med politisk styring når vi berre får sakene til orientering? Vi ber om at tenesteutvalet, eventuelle andre politiske utval, og kommunestyret i større grad framover vert involverte gjennom hyppigare politiske saker til vedtak i utval og kommunestyre.»

Eg skal lata spørsmålet om tenesteutvalet sin eksistens liggja i dag, men slik utvalets rolle er i dag, er det er grunn til å stilla spørsmål også ved den.

Arbeidarpartiets bakgrunn for å krevja denne protokolltilførselen handlar om å ansvarleggjera dei ulike politiske partia for dei vedtaka som vert gjort i den store og krevjande omstillingsprosessen kommunen står i. Då eit einstemmig kommunestyre den 19. juni 2025 (sak 68/2025) vedtok å innføra den heilskaplege bustad- og innsatstrappa, var det som «felles rammeverk for prioritering og utvikling av tenester og bustader i heile kommunen».

Vi stemte for eit år sidan for det overordna prosjektet, men det tyder ikkje at vi har gitt blankofullmakt til politisk leiing eller kommuneadministrasjonen til å gjera som dei vil i eitt og alt. Vi vil behalda retten vår til å vera samde eller usamde i store og viktige enkeltavgjerder innafor den ramma som vi slutta oss til. Difor vil vi også ha fleire saker til politisk handsaming.

Det er lett å oppfatta denne prosessen som om det politiske fleirtalet i kommunen no skubbar kommuneadministrasjonen og eit samla kommunestyre framfor seg i alle avgjerder som handlar om den heilskaplege innsats- og bustadtrappa. Slik kan vi ikkje ha det. Når delar av kommunestyret er imot tiltak som skal gjennomførast, må det også vera mogleg å visa dette i kommunestyret gjennom fleire politiske saker til handsaming. Kva er den prinsipielle skilnaden på nedlegging av skular og flytting av elevar frå ein skule til ein annan, og det å leggja ned og flytta heile avdelingar frå t.d. Fusa bu- og behandlingssenter til Luranetunet? Det kan ikkje vera slik at det første dømet er ei politisk sak, men det andre er det ikkje.

Det handlar også om ansvarleggjering av oss alle som lokalpolitikarar for heile kommunen. Dersom eit fleirtal t.d. støttar det å flytta ei avdeling frå ein stad til ein annan, er det for så vidt ei ærleg sak. Men dersom eit mindretal ikkje støttar det, er det ei like ærleg sak. Det må vera mogleg å visa innbyggjarane våre at det faktisk er reell usemje i slike saker. Politikk er prioritering. Og politiske skilnader handlar oftast om ulik prioritering. Dei som får fleirtal for sitt syn, må ta det ansvaret som følgjer av vedtaket.

Vi vil difor sterkt oppmoda kommunestyret til å slutta seg til at det kjem fleire politiske saker til handsaming enn kva tilfellet er i dag innafor store sakskompleks som t.d. den heilskaplege innsats- og bustadtrappa.

Powered by Labrador CMS