DEBATT
Kreftforeningen treng deg
11.000 menneske døyr av kreft i Noreg kvart år. No treng Kreftforeningen 11.000 innsamlarar for å samla inn pengar til livsviktig kreftforsking.
Kvart år får 38.000 nordmenn beskjeden me alle fryktar «-Du har fått kreft». Heldigvis overlever dei fleste kreftdiagnosen sin. 3 av 4 som får kreft, overlever faktisk i dag. Det er dobbelt så mange som for 50 år sidan.
Grunnen til at overlevinga er dobla, er kreftforsking. Når me forskar, så skjønner me kreft betre, og kan finna nye metodar å få bukt med sjukdommen på. Men forsking kostar pengar, og no treng Kreftforeningen deg med på laget.
For sjølv om dei fleste overlever, er det framleis over 11.000 menneske som døyr av kreft i Noreg kvart einaste år. Felles for dei fleste av desse er at kreften har spreidd seg. Når det skjer, har legane færre verktøy i verktøykassa si.
Håpet ligg i gena
Kreftforeningen delte nyleg ut 37 millionar kroner til medisinske miljø rundt om i heile Noreg. Pengane kjem frå innsamlingsaksjonen i fjor, og skal bidra til at fleire pasientar med spreiing får tilgang på gentestar, som kan gi dei høve til å få betre tilpassa behandling.
Men det trengst endå mykje forsking. I innsamlingsaksjonen i år skal me difor samla inn pengar til forskarar som skal sørgja for at endå fleire av dei som tek ein slik gentest, skal kunna få tilbod om ny behandling. Det kan gi denne pasientgruppa håp; håp om å leva lengre, og kanskje til og med håp om å bli kreftfrie.
Me treng deg for å få det til.
Éin innsamlar for kvart menneske som døyr av kreft kvart år. Det er symboltungt. Me håpar du blir med oss som innsamlar søndag 15. mars, for denne dugnaden krev at alle som kan, engasjerer seg.
Så bli med og gjer ein forskjell. Meld deg som innsamlar på Kreftforeningens nettsider.
Saman skaper me håp.
Morten Heszlein
Kreftforeningen
Vestland