Steinneset, telefonstolpe
Vi som er naboar er ikkje imot utvikling eller fortetting, men...

DEBATT

Steinneset handlar om meir enn éi byggesak

Mange andre innbyggjarar kan i åra framover oppleva den same uvissa og utryggleiken som vi no står.

10.  november skal Plan-, bygg- og miljøutvalet handsame detaljreguleringa for Steinneset, gnr./bnr. 63/70 og 113.

Vi som er naboar er ikkje imot utvikling eller fortetting. Men utvikling må skje innanfor tydelege og føreseielege rammer, og med respekt for dei som allereie bur i området.

Denne saka er etter vårt syn viktig langt utover Steinneset. Dette er ei av dei første av mange byggesaker som vil koma innanfor områdeplanen for Os.

Mange andre innbyggjarar kan i åra framover oppleva den same uvissa og utryggleiken som vi no står i når store utbyggingsprosjekt blir planlagde tett på eksisterande bustader.

I Steinneset-saka peikar kommunedirektøren sjølv på at den samla bygningsmassen verkar dominerande i landskapet, at overgangen mot eksisterande busetnad ikkje er godt nok løyst, og at konsekvensane for landskap og eksisterande bustader er større enn nødvendig for å oppnå ei arealeffektiv utnytting.

Delta i debatten i kommentarfeltet under.

Vi meiner derfor at Bjørnafjorden kommune og politikarane må sjå denne saka i eit større perspektiv. Rammene bør vere tydelegare før ein utbyggjar startar detaljplanlegginga, særleg når det gjeld maksimal byggehøgd, volum og kva referansen for måling av byggehøgd skal vera.

Når slike grunnleggande forhold ikkje er tydelege nok frå starten, blir resultatet lett langvarige prosessar og stor uvisse for både naboar og utbyggjar.

Gjennom dialog med dei politiske partia opplever vi at ingen av partia vi har vore i kontakt med, er tilfredse med områdeplanen slik han fungerer i dag.

Det bør vera eit tydeleg signal om at kommunen må sjå nærare på om planen gir gode nok og føreseielege rammer for den vidare utviklinga av Os.

Vi ber ikkje om at utviklinga på Steinneset blir stoppa. Vi ber om at planforslaget blir vesentleg bearbeidd før det blir sendt vidare, og at kommunen samtidig tek lærdom av saka for den vidare utviklinga av Os.

God fortetting krev tydelege rammer. Bokvalitet må gjelde både dei som skal flytte hit, og dei som allereie bur her.

Meir informasjon om saka finn ein i møteplanen til Bjørnafjorden kommune og byggesak 2025/19940.

Naboar på Steinneset

Powered by Labrador CMS