Ein epoke i idrettslaget si historie var over.

DEBATT

Krigføring med paragrafrytteri, flisespikking og dobbeltspel

Ein stemningsrapport frå årsmøtet til Lysekloster Idrettslag onsdag 18. mars.

Eg har nettopp lese Arnfinn Haga si første bok «Det regnar i fjellet» om igjen, og stemninga frå denne boka med inntrengning av ein fiendtlig hær og ei gryande motstandsrørsle, gav meg liknande assosiasjonar under årsmøtet, der det møtte fram 91 personar med stemmerett.

Ufint nok var det reist mistillit til sitjande styre av ei gruppe nyinnflytta sambygdingar, som var meir opptekne av at alt skulle vera ope og drøftast før noko vart gjort. Problemet i laget var at 80% av budsjetterte inntekter ikkje kom som venta, og styret brukte tida si på å skaffa naudsynte pengar som det hasta med.

God moral er å ikkje sparka folk som ligg nede, og kravet om mistillit i ei slik tid, er nettopp eit slikt spark.

Med seg hadde gruppa fått dobbeltspelarar som gjorde gode miner til slett spel overfor det sitjande styre, men som tydelegvis hadde andre planar.

Det var difor knytt stor spenning til dette forslaget, som eg personleg vona ville bli trekt når årsmøtedeltakarane fekk vita kva uføre idrettslaget ville koma i.

Det var hyrt inn ein ordstyrar med juridisk bakgrunn for at årsmøtet skulle verta leia utan binding til noko side. Sjølv han stussa litt på at styret skulle verta kritisert for prioriteringa, men då fekk han korreks om ikkje å blanda seg inn i debatten. 

Han gjorde til dels ein bra jobb, men gav for lite tid til naudsynt orientering frå medlemer om kva som sto på spel. Fleire viktige innlegg vart kutta. Det var så vidt det vart gjeve nok tid til å lesa eit brev frå dugnadsgjengen til styret om at dei trekkjer seg hvis styret går, og grunnane til dette.

No trur eg ikkje at forsamlinga som sto bak mistillitsforslaget ville ha endra meining uansett kva som kom fram i debatten. Dei var nok 'hjernevaska' av hærførarane sine.

Det var avstemninga for eller imot mistillit alle venta på, men først gjekk vi gjennom årsmeldinga og rekneskapen, og det var her at paragrafane flaug fram og attende så flisene fauk mellom hærførarar, ordstyrar og styreformann, som måtte stå skulerett for den minste filleting. Han stod stødig i stormen!

Men så kom avstemminga om mistillit. Dei som var for mistillitsforslaget skulle stemma først, og det vart talt opp 45 stemmer av totalt 91 moglege. Då erklærte ordstyrar at mistillitsforslaget hadde falle, og i eitt minutt eller to var vi glade og letta over utfallet.

Så gjekk det opp for ordstyrar at kanskje nokon ikkje hadde stemt. Ny oppteljing måtte til. Då var det 33 røyster mot mistillitsforslaget, så mange hadde nok latt vera å stemma.

Dermed vant mistilllitsforslaget, og det var ingen grunn å sitja der lenger. Vi som støtta styret, hadde ikkje nok stemmer til å gjera noko frå eller til.

Ein epoke i idrettslaget si historie var over. Den gamle dugnadsgjengen har lagt ned arbeidet, og dei kan vera stolte av det arbeidet dei har gjort med banen og anlegget. No overtar nye kokkar – viss dei finst. Kva som vidare vil skje, vil tida vise.

Det er ei skam at styret som har jobba så hardt, måtte gå på denne måten. Dei hadde fortent heider og ære. Men slikt ser ikkje ein paragrafryttar.

30. mai fyller laget 80 år, og mange hadde nok sett fram til denne markeringa.

Men det vart frekt nok forklart at ein av grunnane bak mistillitsforslaget var at det ikkje var pengar til å feira 80-årsdagen. Vedkomande burde vita at det er mange måtar å feira på.

Diverre er det oppstått ein splittelse i bygda som kunne vore unngått hvis mistillitsforslaget vart trekt attende på møtet, og fleirtalet hadde fått inn nokre av sine kandidatar.

No vil det nok ta år. Folk vil skula på kvarandre på same måte som i «Det regnar i fjellet» der ein ikkje visste kven som var ven eller fiende.

Men elefanten i rommet, som er grunnen til pengemangelen, vart knapt nok nevnt.

Else Marie Nordland

Powered by Labrador CMS