Ingen spør kvifor: Heile tankegangen om at det berre er straff som heldt folk unna, er dessutan basert på at det er stoffa i seg sjølv som er problemet. Ingen spør kvifor Jeppe drikk.

Kva er alternativet til rusreforma?

Eg har til gode å sjå nokon av motstandarane mot reforma koma med ein alternativ politikk som kan få Norge ned frå overdosetoppen. Kan Harald Lekven eller andre motstandarar koma på banen?

Den viktigaste innvendinga mot reforma ser ut til å vera at dersom ein avkriminaliserer narkotika, så vil hopetal av ungdomar kasta seg over hasjen. Fordi dei ikkje vil skjøna at det er usunt dersom det ikkje vankar fengsel for slikt. Det er ein stor mistillit til ungdomane (dei drikk stort sett mindre enn sine foreldre fordi dei skjønar at alkohol ikkje er sunt).

Les også
Letta over Ap-vedtaket: — Eg er sikker på at narkotikabruken hadde auka med den nye rusreforma
Les også
Ap treng eit sterkt SV

Heile tankegangen om at det berre er straff som heldt folk unna, er dessutan basert på at det er stoffa i seg sjølv som er problemet. Ingen spør kvifor Jeppe drikk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Overført til dagens problem så er det viktigare å fokusera på den einskilde misbrukaren enn å ha fokus på stoff. All forsking viser at dei fleste som hamnar på kjøret, har «gode» grunnar til det. Fordi om ein fokuserer berre på stoffa i seg sjølv, heng ein fast i illusjonen om at alle kan klara livet utan rus. Men livet er ikkje så lett som avholdsfolk vil ha det til.

Kanskje vi kan ha litt meir tiltru til ungdomane våre. Kanskje dei skjønar at narkotika ikkje er så bra sjølv om du ikkje får fengselsstraff for smådoser.

Å gje straff for smådosar sender nokre ungdomar ut i ein kriminell løpebane. Dette kunne ei reform bøta på. Og trussel om straff gjer at mange ikkje vil vedgå at dei har eit problem. Kva er politikken for å hindra dette frå dei som trur at straff hjelper alle?

Å hindra nokre frå ein kriminell løpebane, frå å søkja hjelp eller frå død av overdose, må vera verdt å prøva på, når vi veit at dagens politikk berre fører til stabile tal for elendigheita.

Og då har eg ikkje byrja å snakka om dobbeltmoralen over raudvinsglaset.

Haldor Fosse

Uavhengig

Les også
Skuffa over at det ikkje er fleirtal for rusreforma