
DEBATT
Kvar vart det av uteskulerommet vårt?
Naturen er viktig. Ikkje ta den frå oss.
Eg er elev på Borgafjellet barneskule. Vi har uteskule kvar måndag.
Mykje av naturen blir riven, men det er mange i klassen min som likar uteskule, og utan natur blir det uteskule på asfalt.
I Bjørnafjorden er det mykje fin natur som bør bli der den er.
Mange i klassen har uro i kroppen og klarer ikkje å sitja i ro heile dagen. Sjølvsagt har vi friminutt, men mange elevar i klassen lærer betre ute og i fysisk aktivitet
Det er bra for kroppen å vera ute i naturen. Det er ein god måte å bli betre trent på.
Klassen blir glad. Når ein går tur, så produserer kroppen endorfinar som gjer kroppen meir positiv og glad.
Dette ser vi gjev oss eit betre klassemiljø.
Naturen er viktig. Ikkje ta den frå oss.
Oliver Fiksen Skjoldal
Elev
Borgafjellet barneskule
Klassen vår er glad i uteskule
Det vi ser no er at naturen rundt skulen forsvinn til fordel for leilegheiter.
Eg er elev på Borgafjellet barneskule. Vi har ein flott, ny skule med snart 300 elevar.
Klassen vår er glad i uteskule og vi treng meir leik og fysisk aktivitet. Det vi ser no, er at naturen rundt skulen forsvinn til fordel for leilegheiter.
For det første: Eg meiner at vi lærer mykje bedre ute fordi vi då får frisk luft og då er det lettare å konsentrera seg.
For det andre er det ikkje bra å berre sitja inne ein heil dag og jobba på PC. Det er mykje betre for kroppen å vera ute. Viss vi har lite fysisk aktivitet og sit mykje i ro, blir vi fortare sjuke.
For det tredje: Når du var liten, ville du heller sitja inne og jobba enn å gå ut og ha det kjekkare med læringsaktivitet i frisk luft?
Dessuten blir ein meir kreativ av å vera ute. I naturen får vi fleire utfordringar og må læra å vurdera risiko. Barn i dag treng også det!
Takk for at de les, så håper eg dette overbeviser!
Lars Røykenes
Elev
Borgafjellet barneskule