DEBATT

Me kan ikkje ta likestillinga for gitt
Likestilling er ikkje ein kamp me kjempar éin dag i året. Han må kjempast kvar dag.
På den internasjonale kvinnedagen 8. mars feirar me framstega me har oppnådd, takka vere generasjonar av kvinner og allierte som har kjempa for rettferd. Men kampen er langt frå over. Rundt oss ser me korleis rettar me trudde var sikra, er under press.
I USA, Polen og Ungarn blir kvinners rettar rulla tilbake. Retten til å bestemme over eigen kropp blir igjen eit politisk forhandlingskort. Kvinner som ytrar seg offentleg, bli møtt med truslar og trakassering – berre for å bruke stemma si.
I Afghanistan er kvinner fråtekne retten til utdanning, arbeid og rørslefridom. Dei blir tvinga til tausheit. Jenter som drøymde om ei framtid, får beskjed om at dei ikkje har nokon plass i samfunnet.
I Iran risikerer kvinner livet for å la håret vere synleg. Dei blir fengsla, mishandla og drepne for å kjempe for si fridom. “Kvinne, liv, fridom” ropar dei i gatene – medan styresmaktene prøver å kvele både stemmene og draumane deira.
Krigen i Palestina rammar kvinner brutalt.
Også skeive og transpersonar blir utsette for hat og hets, berre for å vere seg sjølve. Kva gjer det med eit samfunn når nokon heile tida må forsvare sin eigen eksistens? Me ser det i kommentarfelt, på sosiale medium, i debattar. Ord treff menneske. Dei kan knuse sjølvtillit, skape frykt og drive folk bort frå offentleg ordskifte.
Så kvifor kjempar me framleis?
Fordi kvinner framleis fryktar for sin tryggleik på gata.
Fordi unge skeive framleis føler seg åleine.
Fordi kvinner framleis mister retten til å bestemme over eigen kropp.
Fordi fridomen til kvinner i Iran og Afghanistan framleis blir teken frå dei.
Fordi me treng eit samfunn der ingen fell utanfor – verken kvinner, menn eller ikkje-binære.
Me må kjempe for eit samfunn der me ser kvarandre, tar vare på kvarandre og respekterer kvarandre.
Arbeidarpartiet vil:
Skape eit mindre kjønnsdelt arbeidsmarknad og eit likestilt arbeidsliv. Me vil ta tak i både kvinners og menns likestillingsutfordringar. Likestilling handlar ikkje om å setje kjønn opp mot kvarandre – det handlar om å skape eit samfunn der alle får like moglegheiter til å leve gode liv. Me vil sikre at skeive kan leve frie, gode liv med den lovgjevinga og helsehjelpa som trengst.
Likestilling er ikkje ein kamp me kjempar éin dag i året. Han må kjempast kvar dag.
Me gir oss ikkje før me er i mål.
Henriette Madel Mori Lien
Leiar for kvinnenettverket i styret i og kommunestyregruppa til Bjørnafjorden Arbeidarparti