I ei årrekke: Vi har gjort jobben i ei årrekke - sidan 1970-talet. Her grev kommunen opp området utan forvarsel.

Nabolaget held leikeplassen fin. Utan varsel har kommunen tatt seg til rette

Er det slik kommunen ønskjer å opptre?

I iveren etter å fortetta Os sentrum, er vi heldige som framleis har nokre leikeplassar til allmenn bruk. Ein av desse ligg i Kolabakkane. Denne leikeplassen ligg på kommunal grunn, men kommunen har fråskrive seg ansvaret for vedlikehaldet. Alt vedlikehald og opprusting fell på dei som bur nærast.

Seinast i sommar bad vi om litt støtte frå kommunen, men fekk etter lang tid melding om at dette måtte nabolaget gjera på dugnad. Og dugnad har vi hatt! I mange år. Vår, sommar og haust vert grasbanen og området rundt slått ein gong i veka, det vert gjødsla og stelt. Grusområdet og beda vert luka, benkar og reiskapsbua reparert og måla, og planter har vi sett ned.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Nabolag reagerer. Meiner kommunen har opptrådd arrogant
Les også
— Denne saka vil få etterspel

Dette til glede for alle innbyggarane i kommunen, på kommunal grunn. Leikeplassen er ein trygg og god stad for born å vera. Det er ikkje mange slike stadar igjen i sentrum.

For fire år sidan vart heile leikeplassen brukt til arbeidsplass då det skulle leggjast røyr i nabolaget. På måndag kom gravemaskinene att, dei gjerda inn og grov opp heile området som nyleg er stelt i stand. Dette utan varsel til oss som har ansvaret for området og har gjort jobben i ei årrekke - sidan 70-talet. Er det slik kommunen ønskjer å opptre?

Truda Lunde