Må avviklast: Vår visjon er at dødsvegar, som den mellom Voss og Bergen, skal utbetrast, at rassikring skal prioriterast og at gigantprosjekt som aukar kapasiteten med firefelts motorveg vert avvikla, skriv Helga Holmefjord, leiar i Raudt Bjørnafjorden

Nei til Hordfast, ja til nasjonalpark!

Vi gler oss alle til vi kan gå attende til ein normal kvardag. Spørsmålet er berre kva kvardag dette skal vera.

Det er på tide å satsa på ei meir berekraftig utvikling og grøne alternativ som tar naturen sine tolegrenser på alvor. Samferdselssektoren kan vera ein god plass å starte.

I desse dagar er Nasjonal Transportplan (2021 – 2033) ute på høyring i kommunar og fylkesting over heile landet. Endeleg vedtak på innspel til denne frå Vestland fylkeskommune vil bli gjort i ekstraordinært fylkesting 12. mai.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eitt av prosjekta som skal vurderast i planen, er Hordfast med gigantbru over Bjørnafjorden. Noreg har brukt 23 milliardar kroner for å verna regnskog i andre land, då kan vi ikkje leggja ein motorveg gjennom Vestlandet sin eigen regnskog på Reksteren – som dette prosjektet trugar. Skal vi nå nullutsleppsmåla, stogga dei verste konsekvensane av klimaendringane og hindra utrydding av artar, må vi ta omsyn til naturmangfaldet og hindra utsleppsauke og asfaltering av natur også her heime.

Les også
Ny rapport: – Hordfast kan gje 24.500 norske arbeidsplassar

Karbonfangst og CO2-lagring gjennom vern av naturmangfald er viktig å ta omsyn til i planlegginga av infrastrukturen og trafikkutviklinga vi legg opp til. Å byggja ut meir veg og auka kapasiteten for tungtrafikk, er ikkje det vi vil prioritera. Vi vil sjå infrastrukturen i samanheng med menneske og naturen sine behov. Kortreist mat og trygge lokalsamfunn, der ein kan bu, arbeida og leva sunne liv i frisk natur, er det klimaet treng.

Koronakrisa har vist oss at det finst digitale løysingar som gjer at flyreiser ikkje er naudsynt for å gjennomføra møter. Dette skjer på ein global skala, og syner at ein også etter koronakrisa kan klara å avgrense klimagassutslepp og svevestøv til det mest naudsynte. Dette sparer tid, og er klimavenlege og billege tiltak som monnar. Framfor å utvida flyplassar eller 4-felts motorvegar, må vi i staden satsa på elferjer, jernbane og få mest mogleg gods over på bane og sjø.

Les også
Arbeidet må stanses umiddelbart - svar til Øyvind Halleraker

For Raudt Vestland er det kritisk at heile Hordfast prosjektet no blir skrinlagd. Med ein prislapp på 40 milliardar er det no sterke krefter som vil trossa både natur og miljøomsyn. For Raudt er det uaktuelt å støtta store naturinngrep som i tillegg legg opp til ei stor økonomisk belastning for dei som skal nytta brua, med usosiale bompengeavgifter.

Vi gjekk i fjor ut med full støtte til Naturvernforbundet sitt forslag om å gjera Reksteren til nasjonalpark. Dette er visjonært og jordnært. Vi vil verna om urskog og heller investera pengar i å elektrifisera ferjesambandet, samt heilt naudsynt oppgradering av allereie eksisterande vegnett, bane og rassikring.

Vår visjon er at dødsvegar, som den mellom Voss og Bergen, skal utbetrast, at rassikring skal prioriterast og at gigantprosjekt som aukar kapasiteten med firefelts motorveg vert avvikla.

Les også
– Nei, det skal selvsagt ikke koste 800 kroner å kjøre Hordfast!

Vi er glade for at kommunane Ullensvang, Samnanger, Kvinnherad, samt Bjørnafjorden no har vedtatt at dei ikkje vil prioritera Hordfast.

Vi er samde med Naturvernforbundet, Miljøvernforbundet, LO i Vestland og Norges lastebileigarforbund: Hordfast skal ikkje prioriterast i NTP. La oss no ein gong for alle setja ein stoppar for dette gigantprosjektet og setja rettferdig klima- og miljøpolitikk på dagsorden - ved å prioritera rassikring, trafikksikkerheit og rusta opp det vi har av veg, bane og hamn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jeanette Syversen

Gruppeleiar Raudt vestland

Helga Holmefjord

Leiar Raudt Bjørnafjorden

Mohamed Kallel

Leiar Raudt Stord