Nye steg: Os & Fusaposten tek stadig nye steg. Den digitale trafikken aukar. Annonseutviklinga er god. Talet abonnentar aukar jamt og trutt. Underskot er snudd til overskot.

No er det nok, Christian Stabell - til det beste for Os & Fusaposten

Den siste tida har det vore fleire innlegg i Os & Fusaposten. Nokre er forfatta av Christian Stabell. Andre av personar nær han. Innlegga etterlèt eit bilete av avisa som styret er nøydd til å nyansera.

Sentralt i mange av innlegga, er avisas eigarskap. Hovudlinja er at avisinvestor Odd Øie ikkje er bra for Os & Fusaposten, og at lokal eigarskap er avgjerande.

Situasjonen Stabell er kritisk til, starta når han sjølv selde aksjar til Øie. Det skal han ha gjort fordi han ikkje ville selja til konsern som A-Media og/eller Schibsted/Polaris.

Artikkelen held fram under annonsen.

Odd Øie er avisinvestor. Og ja, han er busett i Bærum. Vi kjenner han som ein viktig og god medieeigar. Viktig fordi han er eit korrektiv til dei store konserna som stadig saumfarer bransjen etter nye bitar til det store puslespelet. God fordi han kan bransjen og er genuint opptatt av gode medieprodukt og tidsriktig utvikling.

Les også
Øie og lokal eigarskap
Les også
Stabell - en angrende aksjonær

Øie har mange stader vore ein garantist for at arbeidsplassar forblir lokalt. Det er mange lokalaviser rundt i landet som er takknemlege for at det var Øie som kjøpte dei og ikkje nokon andre. Kompetansen, kontaktnettet og idealismen for gode lokalaviser, er etter vårt syn udiskuterbar. Han har vore merksamt og aktivt tilstades.

Å vera ein del av eit konsern har sjølvsagt sine fordelar, men det blir aldri fleire arbeidsplassar lokalt om ein endar i eit konsern. Funksjonar blir sentraliserte og eventuelle små, lokale «pengebinger» blir gjerne overførde til morselskap som konsernbidrag. Odd Øie har vore eit alternativ til konsern i mange tilfelle.

Om lokalt eigarskap er avgjerande viktig for Stabell, burde han sjølv ha seld til andre lokale aktørar i staden for å selja til Øie. Eller ikkje seld i det heile teke. Når det er sagt, meiner me i styret det var viktig og riktig ikkje å selja til eit av dei store konserna.

Sidan ny eigarstruktur kom på plass, har mye skjedd. Det har vore ei kontinuerleg investering i og utvikling av produktet. For få år sidan var Os & Fusaposten utelukkande papirbasert. No har avisa eit solid digitalt produkt og tek stadig nye steg. Den digitale trafikken aukar. Annonseutviklinga er god. Talet abonnentar aukar jamt og trutt. Underskot er snudd til overskot. Denne omlegginga er gjort i samarbeid med engasjerte og lokalt forankra medarbeidarar.

Les også
Hulda Tronstad og kapitalmakta
Les også
En avishistorie fra virkeligheten - svar på leserbrev fra Morten Holmefjord

Ingenting kjem av seg sjølv i dagens konkurranseutsette mediekvardag, og verksemda vert stadig tilførd ny kompetanse og nye verktøy. Avgjerder i styret er prega av felles mål. Vi veit kva vi er og kor vi skal. Dagens eigarskap har aldri prøvd korkje å slakta bedrifta eller tappa av bedriftas midlar. Tvert imot har ein investert for å skapa sikre arbeidsplassar og eit godt arbeidsmiljø.

Det har også blitt kommentert at årets generalforsamling var ei langtekkeleg førestilling med hyppige benkeforslag. Eit benkeforslag gjev uttrykk for usemje og vil sjeldan vera den beste bidragsytaren til den gode stemninga. Men det er naturleg at dagens hovudeigarar ønskjer å påverka styrekabalen.

Under førre generalforsamling, i 2020, vart til opplysning styreleiaren den gongen vald etter benkeforslag frå lokale aksjonærar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Varige konfliktar er sjeldan produktive. Det gjeld heilt sikkert også denne. Stabell har ved fleire høve gjeve uttrykk for sitt syn på lesarbrev-plass. Odd Øie har svara. No har me i styret freista å nyansera biletet frå vår ståstad.

Vonleg kan vidare usemjer i nett denne saka no takast mellom dei involverte partane. Det vil vera til avisas beste og også til det beste for den iherdige jobben som kvar dag vert gjort av dei tilsette for å levera eit godt produkt til lesarane.

Styret ønskjer det beste for Os & Fusaposten og skal gjera det som står i vår makt for å utvikla avisa vidare. Vi vil jobba for at avisa er godt rigga for ei utfordrande, krevjande og spanande framtid.

Styret i Os & Fusaposten

Les også
Inntrykk frå årsmøtet i Os & Fusaposten