Ei mare: Lakselus, infeksiøs lakseanemi og pankreasjukdom heimsøkjer havbruksnæringa i Hordaland som ei mare.

Oppdrettsvolumet i Hordaland må ned, og kommunane må kjenna ansvaret sitt

Fiskehelsa er på eit lågmål og trugsmålet mot vill laksefisk kritisk.

Til Havbrukskommunane i gamle Hordaland og Vestland fylkeskommune.

Naturavtalen i Montreal, som Noreg har forplikta seg til, seier at 30 % av alt hav skal vernast, og 30% av degraderte økosystem skal restaurerast. Me har ein lang veg å gå for å nå dette målet, og me må starta med miljøproblema oppdrettsindustrien fører med seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lakselus, infeksiøs lakseanemi og pankreasjukdom heimsøkjer havbruksnæringa i Hordaland som ei mare. Fiskehelsa er på eit lågmål og trugsmålet mot vill laksefisk kritisk.

I merdane døyr minst 24 % av laksen, mot 16 % for landet. Vossolaksen og laks i andre lakseførande vassdrag, kjempar for eksistensen. Smittepresset frå lakselus er enormt.

I denne situasjonen har regjeringa sete trafikklyset på, og det lyser raudt. Det betyr at oppdrettsvolumet for laksefisk skal ned med 6 % i produksjonsområda våre.

Naturvernforbundet Hordland hadde forventa at ny Interkommunal plan for sjøareal i Nordhordland og kommuneplanar elles i Hordaland, tok denne føringa på alvor. Det har førebels ikkje skjedd.

I Nordhordland er arealet til havbruk gjennom planen auka, noko som opnar for større volum. Nye lokalitetar og utvidingar som Asplan Viak har rådd frå i konsekvensutgreiinga, er likevel tekne inn av ei styringsgruppe samansett av ordførarane. Oppsiktsvekkande er det også at gamle konsesjonar som ligg alt for tett og aldri ville ha fått løyve i dag, ikkje er sanerte i planen.

Også i Sunnhordland og Hardangerfjorden er situasjonen alarmerande. Mange kommunar opnar for større areal og volum. Dette skjer trass i raudt trafikklys og den høgste dødelegheita i landet, iflg. Veterinærinstituttet 23,7 % for laks i 2022. Hovudårsakene dei peikar på, er intensiv produksjon, sjukdom og stressande avlusing.

Talet på lakselus og dødelegheita aukar jamt i Hordaland. Det ser ikkje lyst ut for fiskehelsa i merdane eller villaksen. Det er likevel håp.

Den interkommunale planen for Nordhordland kjem til endeleg avgjerd i kommunane til sommaren. Andre kommunar planlegg revisjon av sjøareala i kommuneplanen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Årsmøtet i Naturvernforbundet Hordaland oppmodar kommunestyra til å sjå kritisk på areala for havbruk, både etablerte og nye. Om konsekvensutgreiinga er raud, må det bli nei til auka areal og volum. Der anlegga ligg tett, må nokre sanerast.

Oppdrettsvolumet i Hordaland må ned.

Naturvernforbundet Hordaland