Synfaring, hotelltomta, planutvalet, PBM, Kolabakkane, Knut Natvik, Foreninga Midtskogen vel
Dei står fram med gladsaker, men held munn utad i dei vanskelege sakene.

DEBATT

Støy og uro er ein del av eit levande demokrati

Svar på innlegg frå Hans Ingebrigtsen.


Eg vil først takka Hans Ingebrigtsen for eit fint innlegg om det politiske ordskiftet i Bjørnafjorden kommune. Innlegget slik eg ser det, handlar i bunn og grunn om kva demokrati vi vil ha her i Bjørnafjorden kommune. 

Hans ynskjer mindre debatt om viktige saker. Han ser ut til å stor tiltru til den både politiske leiinga og kommunaldirektøren i kommunen. 

Der er eg ikkje einig med Hans. 

Særleg etter å ha lese kronikken til kommunedirektøren om organiseringa av tilbodet til dei eldre. Dette er slik eg ser det, eit særs politisk innlegg som berre peiker på éi løysing for korleis vi kan handtera eldrebølga som både Hans og eg er ein del av.  

Slik skal etter mitt syn ikkje kommunedirektøren analysera ei så viktig sak. Det finst andre måtar å organisera eldrearbeidet i framtida enn det han peikar på. Det vil eg ta for meg i eit seinare innlegg.

Må ha vore politisk godkjent 

Eg kan ikkje tenkja meg at dette innlegget ikkje har vore lest gjennom av ordføraren før det gjekk i trykken. Då burde det ha vore underskrive av han, ikkje av kommunedirektøren.

Men slik eg ser har den politiske leiinga ein klar mediestrategi. 

Dei står fram med gladsaker, men held munn utad i dei vanskelege sakene. Ein kan til dømes undra seg over kvifor ein nesten aldri ser innlegg frå Høgre-sida i Bjørnafjorden i det offentlege ordskiftet.

Det ser ut til at kommunestyregruppene deira har munnkorg. Det er eit dårleg demokrati.

Endå eit døme på tette band mellom kommunedirektøren og den politiske leiinga

Kommunedirektøren hadde ei fin utgreiing då hotellsaka vart lagt fram til 1. gongshandsaming i Utval for Plan, bygg og miljø. 

I utgreiinga peika han klårt på alle dei negative sidene med dette prosjektet slik det no framstår – og det var mange. Likevel tilrår han at prosjektet vert sendt ut på høyring. 

For meg er dette heilt uforståleg. Igjen – han må ha snakka med ordføraren. 

Det einaste positive var at vi skulle få eit fint byrom der nede mellom blokkene og eit svært høghus.

Vi hadde ein gong eit fint byrom i sentrum, men der kom det også opp eit bygg som aldri skulle vore der.

Det er det dagens politiske fleirtal som har ansvaret for.

Knut Natvik

Powered by Labrador CMS