Skremmande: Det ser ut til at fleirtalet på Stortinget anten ikkje forstår seg på moderne teknologi, eller at dei ikkje lenger vil halde liv i våre liberale rettar i samfunnet. Begge deler er skremmande og uakseptabelt.

Overvåkning utan sidestykke av norske borgarar

Etterretningstenesten, som er ei militær eining i Forsvaret, skal no overvåke og lagre det meste av internetttrafikken til sivile nordmenn.

Dette vart sikra av eit stort fleirtal i Stortinget 11. juni ved å vedta såkalla Tilrettelagt Innhenting (TI) omtrent utan mediedekning.

Det er høgst skuffande at Høgre, Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti går inn for dette.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein skulle tru dei hadde lært noko då EU-domstolen konkluderte i høve datalagringsdirektivet (DLD) at «direktivet innebærer et meget omfattende og særlig alvorlig inngrep i den grunnleggende rett til respekt for privatlivet og til beskyttelse av personopplysninger, uten at dette inngrepet er begrenset til det strengt nødvendige».

Til liks med DLD er TI eit overvåkningstiltak utan sidestykke i norsk rett og eit alvorleg overtramp mot kvar og ein sin rett til privatliv og familieliv.

Ei lang rekkje norske sikkerhets-, personvern- og teknologiekspertar har grundig beskrive korleis TI bryt både med artikkel 8 i den europeiske menneskerettskonvensjonen og §102 i grunnlova. Det ser ut til at fleirtalet på Stortinget anten ikkje forstår seg på moderne teknologi, eller at dei ikkje lenger vil halde liv i våre liberale rettar i samfunnet. Begge deler er skremmande og uakseptabelt.

Sjefen for etteretningstenesta, generalløytnant Morten Haga Lunde, har no fått eit verktøy som er overdimensjonert og har tvilsam nytteverdi for forsvarsevnen vår. Då hjelper det lite at han er frå Os og vart årets nynorskbrukar i 2017.

I den rettmessige kampen mot trugslar skal ein vera varsam med kva metoder og verktøy ein sjølv vel å nytte. Eg avslutter difor med eit sitat av Friedrich W. Nietzsche: “Beware that, when fighting monsters, you yourself do not become a monster... for when you gaze long into the abyss. The abyss gazes also into you.”

Nils-Anders Nøttseter

Cand.scient. informatikk

Folkevald for Miljøpartiet Dei Grøne

Artikkelen held fram under annonsen.