DEBATT
Skal det forhandlast om fritak, må det vera for heile kommunen
Tobom-systemet er å gjera problema endå større.
At politikarane i si tid gjorde det "kunststykke" å utestengja Os gamle kommune frå omverda med bommar i alle retningar, var no ein ting. Problemet vert ikkje mindre av at dei i ettertid plukka ut to utvalde bygder i kommunen (Søfteland/Nordvik) der dei skulle få billegare bompengar (andre stader i Noreg betalar ein berre ved bruk av nye vegar).
Det politikarane legg opp til her er direkte urettferdig mot resten av bygda. Slik forholda er no, er det berre "dei innom fjorden" som må betala for å koma til kommunesenteret (ferjebillett).
Skal det forhandlast om fritak, må det vera for heile kommunen og ikkje berre for Søfteland og Nordvik, eller la alle vera med og betala for det dårlege forhandlingsresultatet politikarane oppnådde.
Tobom-systemet er å gjera problema endå større. Eg kan ikkje tru at søftelendingen har større behov for å kryssa grensa ut av Os enn andre i same kommune, sjølv om dei har klaga si naud i tidlegare skriv i avisa.
I Nordvik er det berre dei som bur på Fana-sida av bommen som kan sleppa å betala dersom dei skal til Os sentrum med tobom-system.
Etter mi kjennskap til tobom-systemet i Nordvik har det kome fram at aksjonsgruppa har kjempa for dei som bur på Fana-sida av bommen. Dei vil ha billegare passering av bommen i Nordvik når dei skal til Os sentrum, pluss bom på Fanafjellet når dei skal den vegen. Folk på Os-sida av Nordvik-bommen har ingen fordel. Dei må betala fullt om dei skal ut av kommunen.
Aksjonsgruppa har fått svar frå 10 parti. Ingrid Negaard Fjelstad (V) er opptatt av at bygdesamfunn Nordvik/Lysekloster og Kalandseid/Søfteland må få behalda kontakten. Då er vel saka grei. Sett ein bom på Kalandseid og la fanabuarane få same fordel som dei i Nordvik. Samtidig slepp søftelendingane å betala for å køyra til Os sentrum. Bom ved Storestraumen skaper urettferdigheit og strid.
I staden for å bruka store summar på bom på Fanafjellet med få passeringar, kan ein laga ei ordning med lys/bom-intervall der utrykkingskøyretøy kan styra intervallet.
NB; Dei på Fana-sida av Nordvik-bommen køyrer no gratis over Fanafjellet.
Dette er eit forslag for dei på "utsida" av hovudbommane. Kva med dei på innsida?
Eg håpar politikarane tek seg saman og forhandlar fram ei rettferdig og lik ordning for alle på Os-sida av hovudbommane, uavhengig av om ein bur nær eller langt unna ei bompassering.
Audun Birkeland