Prioritering: – Skyss må prioritera dei ressursane vi har til rådvelde, på ein måte som gjev eit best mogleg tilbod til flest mogleg.

Skyss må prioritera

Skulle både linje 600 og linje 610 gå til Bergen, måtte vi ha redusert talet på avgangar, for å ha nok ressursar til å dekke begge traséane på ein god måte.

I eit lesarinnlegg i Os og Fusaposten 13. februar skriv Kari Rein Time at ho – då ho flytta frå Bergen til Søfteland i fjor sommar – fekk vite at det ikkje skulle bli endringar i kollektivtilbodet på gamle E39 ved opning av den nye hovudvegen.

Skyss kan ikkje svare for kva informasjon Time har fått før ho flytta til Søfteland, men ruteendringane i samband med opning av den nye E39 kviler på ein trafikkplan som vart politisk vedteken i 2021.

Artikkelen held fram under annonsen.

Litt informasjon om bakgrunnen for ruteendringane kan vere på sin plass. For Skyss representerer nyevegen både ei moglegheit og ei utfordring. Moglegheita ligg i å kunna tilby raskare kollektivreiser, ikkje minst til Lagunen-området. Utfordringa ligg i å levera eit tilbod både langs nye- og gamlevegen, og dessutan i at ein motorveg i utgangspunktet styrkjer bilen si konkurransekraft.

Pressekontakt i Skyss, Øyvind Strømmen.

Når det gjeld kollektivtrafikk, vil mange ønskja seg direkteruter. Skyss må samstundes prioritera dei ressursane vi har til rådvelde, på ein måte som gjev eit best mogleg tilbod til flest mogleg. For å kunne gjera dette, satsar vi på ei godt nettverk med sterke hovudlinjer med høg frekvens, og på gode byttemoglegheiter frå andre linjer.

Frå Os har vi satsa på 600-linja, samstundes om vi har oppretthalde eit tilbod med god kapasitet på 610-linja, som no går til Nesttun.

Når vi i mars styrkjer 600-linja ytterlegare, blir til saman 13 millionar kroner meir nytta på kollektivtilbodet til Os, årleg, samanlikna med før opninga av den nye hovudvegen.

Skulle både linje 600 og linje 610 gå til Bergen, måtte vi ha redusert talet på avgangar, for å ha nok ressursar til å dekka begge traséane på ein god måte. Alternativt måtte vi ha omdisponert ressursar frå andre område.

Det er prioriteringar Skyss ikkje har funne å kunna gjera innanfor dei økonomiske rammene vi har.

Øyvind Strømmen

Pressekontakt, Skyss