Medspelar: Det er verdifullt for oss å få realisert friluftsområdet, og me ønskjer å vera ein medspelar.

Steinavika: Ei god vegløysing er nøkkelen

For å koma vidare, tilbyr bygdalaget seg å gjera dugnad igjen.

13. juni behandlar kommunestyret kva som skal skje vidare med det planlagde friluftsområdet på Baldersheim. Så langt har saka stoppa opp fordi spørsmålet om køyretilkomst ikkje er løyst.

Les også
Løyvde to millionar til friområdet i 2020. No meiner kommunen prosjektet bør avsluttast

Baldersheim bygdalag ønskjer å medverka til ei effektiv, enkel og rimeleg løysing på vegspørsmålet. To alternativ har vore framme: Anten tilkomst via kaien og moloen, eller via den gamle losjehustomta («losjehagen»). Vurdert mot kvarandre, ser me det første alternativet som det moglege, realistiske og klart beste.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Nektar å gi opp Steinavika. – Vi må få gjort noko med friluftsområdet

Ein køyretilkomst via kaien vil vera utan stigning, enkel å tilretteleggja og vedlikehalda, den krev avgrensa terrenginngrep og den vil leggja beslag på lite areal og pengar. Den kan også, ved behov, sikra køyretilkomst til den moloen kommunen alt eig.

Ein tilkomst via losjehagen verkar på den andre sida temmeleg krevjande, og har heller ikkje vore planlagd nærare. Her vert det etter alt sannsyn høge kostnader, betydelege inngrep, og delar av sjølve friluftsområdet vil måtta gå med til snuplass for bilar.

Om ein ytterlegare, for å skaffa trasé, må erverva og riva det gamle bakstehuset på kaien, er eit ope spørsmål.

Ei objektiv vurdering tilseier klart at løysinga med køyretilkomst via moloen vert vald. Bygdalaget vil difor oppmoda politikarane om å velja det alternativet, og me finn det vanskeleg å skulla gå vidare med noko anna.

Så vil truleg køyretilkomst via kaien, i neste omgang, krevja eit mindre eigedomsinngrep overfor grunneigaren i området. Her vil ei skjønnssak for jordskifteretten kunna gje ei varig og avklart løysing på spørsmålet om tilkomst.

Les også
Dette området kjem alle innbyggjarane i kommunen til gode

Slik bygdalaget ser det, talar det meste for at vilkåret for oreigning i veglova § 53 er oppfylt. Etter lova må det vera «klårt at inngrepet er meir til gagn enn til skade». Lova legg opp til ei heilskapsvurdering, men krev ikkje meir enn simpel interesseovervekt. Det er for øvrig liten grunn til å tru at eigedomsinngrepet vil utløysa noko anna enn eit moderat vederlag.

Bygdalaget har bidrege med dugnad i Steinavika før, og me ønskjer å bidra også i framtida – både med praktisk opparbeiding og på andre måtar som er naturleg. Det er verdifullt for oss å få realisert friluftsområdet, og me ønskjer å vera ein medspelar.

For å koma vidare, tilbyr bygdalaget seg å gjera dugnad igjen. Per no ønskjer me å stilla med gratis juridisk hjelp til kommunen i samband med ei mogleg skjønnssak. Bygdalaget har ressursar til å gjera dette, og står parat med ekspertise som kan føra ei slik sak for jordskifteretten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Me trudde mest ikkje våre eigne auge

Me håpar Bjørnafjorden kommune vil takka ja til vårt tilbod. Slik slepper kommunen å kjøpa dyre advokattenester i Bergen i elles krevjande tid. Og det kan bli framgang i arbeidet med friluftsområdet, med utgangspunkt i ei varig og på alle måtar god økonomisk vegløysing utan store naturinngrep.

Ørjan Nordtveit

Maud Markhus

Baldersheim bygdalag