Ikkje nok: Du klarer ikkje å spara 60 millionar på å bruka heile agurken og berre skriva ut i svart-kvitt.

Stell, mat og medisinar – og det er omtrent det

Tilsette i pleie- og omsorgseiningane fryktar ein berre får tid til å stella, gje mat og medisinar – og det er omtrent det. Spis maten din og gå i seng. Har du behov for å ein prat på sengekanten, så er det synd, for eg har fem til som skal leggast på ein halvtime.

Dei kraftige kutta som er planlagt i helse og velferd vil ramma pleietrengande og eldre innbyggjarar i Bjørnafjorden kommune hardt. Budsjettet til blåtonebuketten Frp/H/Krf/uavhengig inneheld nedskjeringar i sektoren på godt og vel 60 millionar kroner. Alt tyder på at det er dette budsjettet vi skal styra kommunen etter.

Les også
Blått budsjett: - Det blir konsekvensar, og det må vi vera tydelege på
Les også
Helse må ta ned drifta med om lag 60 millionar i 2023: – Grunnbemanninga må ned

Kva inneber det? Så store beløp som det er snakk om her kan ikkje løysast på anna vis enn ved å redusera grunnbemanninga. Du klarer ikkje å spara 60 millionar på å bruka heile agurken og berre skriva ut i svart-kvitt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter fleire år på rad med usosiale budsjett, kombinert med kuttprosjektet Bjørnafjorden 22, er den lavthengande frukta allereie plukka. No står vi igjen med personalkostnadene.

Vi vil få færre tilsette på sjukeheimane, i omsorgsboligane og i tenester som heimesjukepleia dei neste åra. Lat det ikkje vera nokon tvil om det.

Les også
SVs budsjett: Vil auka overføringane til oppvekst med 51 millionar kroner over to år

Frå greitt til ugreitt

Dei som arbeider i pleie- og omsorgseiningane beskriv bemanningssituasjonen i dag som trong eller heilt grei, avhengig av kvar dei jobbar. Mange har berre tid til det aller mest nødvendige, medan andre av og til klarer å ta ein kort prat med pasienten eller bebuaren. Det burde sjølvsagt alle ha tid til. Sjølv når vi er sjuke eller gamle er vi berre vanlege folk med behov for litt menneskeleg kontakt.

Les også
I ferd med å tømma sparegrisen. Vil bruka 193,4 millionar av kommunens premiefond

Korleis vert det no som dei skal bli færre? Då fryktar dei tilsette at det berre blir tid til å stella, gje mat og medisinar – og det er omtrent det. Spis maten din og gå i seng. Har du behov for å ein prat på sengekanten så er det synd, for eg har fem til som skal leggast på ein halvtime.

Det vert vanskeleg å sjå for seg noko som helst av aktiviserande tiltak, turar og sosiale samlingar. Ingen tilbod utover det absolutte minstekravet, med andre ord. Slik trur eg dei fleste av oss er einige om at vi ikkje vil ha det når vi er sjuke eller gamle. Uansett kor fin tropehagen måtte vera å sjå på.

Redusert bemanning vil gje endå større utfordringar med sjukefråvær og mistrivsel på jobb. Det veit vi på førehand. Det handlar ikkje om moral eller arbeidsvilje, men at vi allereie slit ut dei tilsette. Det vert verre med kraftige nedskjeringar.

Les også
MDGs budsjettforslag: Vil skåna heile oppvekstfeltet for kutt

Auka rammer og tillit

Vi treng rammevilkår som gjev rom for å tenkja langsiktig. Ei god grunnbemanning vil gje lågare sjukefråvær og tilsette som har betre tid saman med pasientar og bebuarar. Det er ein føresetnad for ein verdig omsorg for våre sjuke og eldre.

Les også
Eg blir provosert på vegner av alle flotte tilsette innan helse og velferd
Les også
Enkelte ting virker kanskje smarte fra skrivebordet - langt fra virkeligheten og de vanskelige valgene

Bjørnafjorden SV sin politikk er derfor å auka rammetilskota til helse og velferd. Det syner vi med å auka ramma til sektoren med 35 millionar kroner i vårt budsjett for 2023. Vi har tillit til at leiinga, dei tilsette og dei tillitsvalde sit med svara på korleis dei kan gje best sjuke- og eldreomsorg for pengane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men dei må ha den nødvendige økonomien for å få det til.

Hege Bjørnør

Leiar Bjørnafjorden SV