Tillit: Det er svært viktig at vi er sjølvkritiske nok til å vurdera kva som byggjer tillit og kva som kan riva tilliten bort.

Svært skuffande at Høgre/Frp går inn for å samla makta på færre hender

Forsking på makt og maktmisbruk viser at folk som har makt i lengre periodar står i fare for å misbruka makta.

I sist formannskapsmøte føreslo posisjonen at vi skal opna for at politikarar i kommunestyret kan ha fleire roller.

Dette kan innebera interessemotsetningar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei seier vidare at: «Loven ikkje er til hinder for at tilsette og folkevalde kan sitja i styre i kommunale selskap, men det å vera styremedlem i eit kommunalt eigd selskap kan gjera det rollemessig problematisk når ein samstundes er tilsett eller politikar i eigarkommunen, jf også habilitet. Dette fordi politiske organ har ein sentral rolle i eigarstyringa og kontrollen med selskapa. Likevel bør ein ikkje utelukka at tilsette og politisk engasjerte med rett kompetanse kan ha moglegheit til å delta i arbeid i kommunale heileigde selskap og kommunale føretak.»

Men det er akkurat dette eg meiner at vi skal unngå.

Vi skal laga retningslinjer som byggjer tillit til kommunestyrets politikarar. Då må vi vera tydelege på kva roller dei skal ha, og ikkje blanda. Så kan vi finna folk til styra i selskapa til kommunen blant innbyggarane våre elles. Ja, ein kan også henta inn personar utanfrå vår kommune om ein treng spesialkompetanse vi ikkje finn blant våre eigne.

Forsking på makt og maktmisbruk viser at folk som har makt i lengre periodar står i fare for å misbruka makta. Derfor er det svært viktig at vi er sjølvkritiske nok til å vurdera kva som byggjer tillit og kva som kan riva tilliten bort.

Trine Lindborg (Ap) gjorde eit godt arbeid med å laga trygge styringsprinsipp slik at vi alle skal ha tillit til at vi ikkje hamnar i ei dobbeltrolle. Vi er mange innbyggjarar i kommunen som kan gjera ein god jobb og har relevant kompetanse, sjølv om vi ikkje er valde inn i Bjørnafjorden Kommunestyret.

Gode kommunestyre, gjer kloke val og bygg tillit! Ikkje bland rollene, slik at de riv ned tilliten vi har til dykk.

Bjarte Samnøy

1. vara KrF

Artikkelen held fram under annonsen.

Bjørnafjorden kommunestyre