
Utdanningstilbod i fare: Skulen har hatt slikt tilbod sidan 1994, i ulike variantar
Eg oppmodar alle som har kontaktar inn mot fylkespolitikarane om å be dei ta til vit!
Fusa vidaregåande skule står i fare for å mista sitt undervisingstilbod til generell studiekompetanse (allmennfag). Skulen har hatt slikt tilbod sidan 1994, i ulike variantar.
Siste åra har skulen kunna kombinera fag og elevar frå TAF (teknisk allmennfag/ysk) og KDA (kunst, design og arkitektur) slik at elevane aust om Bjørnefjorden har fått eit breitt tilbod fram til studiekompetanse, utan at dei har måtta pendla til Os eller Bergen.
Studietilbodet Kunst, design og arkitektur vart vedteke fjerna i haust, med melding om at det skulle opprettast ei ordinært studiespesialiserande line i staden. Dette var det mange som reagerte på, og frykta at ei slik endring ikkje ville rekruttera nok elevar.
Så er altså det skjedd, at ein mindre del av årets vesle 10-klasse har studiespesialiserande som 1. ønske, så fylkesadministrasjonen føreslår å ikkje oppretta tilbodet, sjølv om fleire har det som 2. ønske.
Skulle politikarane vedta å ikkje starta, vil altså skulen mista ein viktig pilar i tilbodet til elevane aust om Bjørnafjorden.
Skuleleiinga har åtvara mot dette, og ungdomsrådet i Bjørnafjorden kommune vedtok på sitt møte fredag ei fråsegn der dei seier seg sterkt imot nedlegginga av lina studiespesialisering ved Fusa vidaregåande skule: «Det er et steg i feil retning for å sikre et likeverdig skoletilbud i kommunen vår. Det er viktig for oss at ungdom på begge sider av fjorden får like muligheter til utdanning og framtidsvalg. Et variert og tilgjengelig skoletilbud er avgjørende for å beholde ungdom i lokalsamfunnet og for å sikre like rettigheter for alle unge i kommunen. Vi ber dere om å revurdere forslaget og lytte til ungdommens stemme.»
Eitt av suksesskriteria ved Fusa vidaregåande skule er nettopp den fleksibiliteten som er utvikla gjennom samarbeid på tvers av liner og klassar, slik at skulen har kunna vore ein viktig institusjon i utdanninga av ungdommar i vår region.
Fusa vidaregåande bør få ressursar til ein halv klasse, slik at tilbodet kan etablerast og viktige lærarkrefter kan behaldast.
Eg oppmodar alle som har kontaktar inn mot fylkespolitikarane om å be dei ta til vit!