Astrid Breivik, Pia Stigen Mathisen, Halhjem kafé
— I vår familie likar alle å jobba, seier Pia Stigen Mathisen og besto Astrid Breivik.

Siste opningsdag: Pia (18) har blitt vaksen på Halhjem kafé

Søndag var det kamp om både bord og parkeringsplassar på den legendariske kafeen. 

Publisert Sist oppdatert

— Det er ein tragedie at Halhjem kafé skal stengja. Vi kjem verkeleg til å sakna dei.

Magnar Halhjem nyt sitt siste måltid med ovnsbakt laks ilag med kona Vibeke, og venene Per Søgnen, Berit Solberg, Margunn og Svein Larsen. 

— Kor mange gonger har de vore her og ete?

— Hå! Det har vi ikkje tal på. Det har vore fast i alle år å ta ein tur i Ervikane fyrst, og middag på Halhjem kafé etterpå, seier Per.

Magnar Halhjem (f.v.), Per Søgnen, Berit Solberg, Margunn Larsen, Svein Larsen, Vibeke Halhjem, Halhjem kafé
Magnar Halhjem (f.v.), Per Søgnen, Berit Solberg, Margunn Larsen, Svein Larsen og Vibeke Halhjem.

— Ja, og alltid dessert etterpå, ler Magnar.

Gjengen har fått med seg at kokken Svein Marceliussen og maten hans vert å finna på Ilya framover. Dermed er det framleis håp om gode søndagsmiddagar, om enn på ein ny stad. 

— Dritkoselege kundar

Snart 19 år gamle Pia Stigen Mathisen kan ikkje hugsa eit liv utan Halhjem kafé. Som lita jente åt ho søndagsmiddagar her med familien, og frå ho var 13 år har det vore arbeidsplassen hennar (nesten) kvar einaste søndag.

— Svein bruker å seia at han har sett heile ungdomstida mi, smiler Pia. 

Det er ikkje til å legga skjul på at kafeen er ekstra populær for folk over 50. For Pia er det litt av sjarmen. 

— Det er så mange koselege folk her. Stamgjestar som som kjem igjen og igjen. Alle kundane våre er dritkoselege, seier Pia. 

Halhjem kafé, Pontus Stigen Mathisen
16 år gamle Pontus Stigen Mathisen står i oppvasken.

Ho har snakka med mange som no er lei seg for at kafeen skal stengja og huset rivast. 

— Alle spør besto (Astrid Breivik, journ.mrk.) når vi opnar igjen på Ilya. 

Det var Pias tippoldeforeldre som i si tid starta Halhjem kafé. Men den mest kjende drivaren er dottera deira, Karla Larsen, som dreiv plassen i omlag 40 år. Ho gav seg i 2015, og dei neste åra prøvde fleire andre aktørar seg.

I 2020 kjøpte og overtok Roald Stigen og Terje Hatvik kafeen. Dermed kom kafeen tilbake på familiens hender. Stigen er nemleg gift med Astrid Breivik, niesa til Karla og altså besto til Pia. 

Utrulege Besto

For gjestane er Astrid, som dei siste åra har vore fast inventar bak disken, synonymt med Halhjem kafé. Ein gjest kjem til og med fram for å ta eit bilete av henne der ho står og trykkjer på kassaapparatet. Og Astrid smiler og bjudar på, som alltid. 

Halhjem kafé, Astrid Breivik
Astrid Breivik er fast inventar bak disken. Ein av stamkundane vil gjerne ha eit bilete før kafeen er historie.

— Besto er heilt utruleg. Ho er langt over 70 år, men jobbar her, er i frisørsalongen tre dagar i veka og hjelper til i blomebutikken til Marianne når det trengst. I vår familie likar vi rett og slett å jobba. 

Beviset finn vi på kjøkenet. Der står Pias lillebror Pontus (16) og skyller oppvasken, medan kusina Alise spring som ein jojo og serverer middag. I tillegg har Pias storebror Pelle, ein fetter, mamma og stefar også trødd til når det trengst. 

Astrid Breivik, Pia Stigen Mathisen, Alise, Halhjem kafé
Servitørar og kusiner Alise (t.v.) og Pia med besto Astrid Breivik i midten.
Powered by Labrador CMS