Gode år: Tom Rune Solheim er eigar av butikken på Søfteland. Han driv saman med sambuaren Helin Serine Ucar. Det å investera i butikken for seks år sidan, har vore stor suksess. Omsetnaden har auka frå 13 til 25 millionar på seks år.

Nye E39 er få månader unna opning. Det kjem til å påverka dei elleville tala til nærbutikken

— Det har vore nokre gode år for oss, så vi toler litt nedgang, men vi er utruleg spente på vegen vidare.

Det seier Joker-kjøpmann Tom Rune Solheim.

Det er seks år sidan han kjøpte bygget på Søfteland og tok over drifta av butikken. Han driv saman med sambuaren Helin Serine Ucar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Solheim fortel at då dei tok over, hadde butikken 13 millionar i omsetnad. No omset butikken for 25 millionar kroner. Det plasserer Joker Søfteland heilt i toppsjiktet av Joker-butikkar på Vestlandet.

— Vi var størst, men i dag kan det henda at vi er nummer to på lista, seier Solheim.

Ein stor del av årsaka til suksessen, er satsinga på pannekaker.

Bestemora til Ucar lagde ei oppskrift på 1960-talet, som framleis er i bruk.

— Vi gjer det på same måte som ho gjorde den gongen. Vi vågar ikkje endra på eit einaste gram av noko som helst, seier Solheim og ler.

Enorm suksess: I 2016, det første året Tom Rune Solheim og Helin Serine Ucar dreiv butikken på Søfteland, selde dei 6.436 pannekaker. I 2021 selde dei 83.233!

Sleit med å rullera pannekakene

Dei to selde pannekaker på Kiwi Hamrehjørnet. I lokalet har det vore ulike butikkar opp gjennom tidene, men då bestemora til Ucar lagde dei, var det Medina Kjøtt som hadde lokala.

Då Solheim og Ucar kom til Søfteland, var pannekaker alt del av sortimentet i varmmaten.

— Det var ikkje noko i vegen med pannekakene som blei selt her. Dei var gode, dei. Men vi ønskte å selja «våre eigne» pannekaker. I starten hadde vi søndagsope. Då var det bollar vi reklamerte mest for. Vi fann det feil å «pusha» eit produkt vi berre selde seks av sju dagar i veka, seier Solheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Vi hadde faktisk problem med å rullera pannekakene heilt i starten. Dei kunne liggja ei stund i disken. No forsvinn dei raskt, seier Ucar, som står med opp til seks steikjepanner når ho produserer godsakene.

Men etter kort tid, var det slutt på den søndagsopne butikken, og fokuset blei skifta til pannekaker. Dei brukte, og har sidan brukt, ein god del ressursar på å fremja desse.

— Vi kjøpte plass på ferja som går frå Halhjem til Sandvikvåg. Vi hadde reklamehengjar, og vi har involvert kundane i «prosjektet». Det er blitt ein greie. Det tok plutseleg heilt av, seier Solheim.

Ny veg: Butikken ligg rett ved eksisterande E39 på Søfteland. Om få månader opnar nye E39. Solheim seier at det er behov for ny veg, men at dei har lite forståing for at det skal koma bompengar på ein sideveg som alt er nedbetalt.

Går for ny rekord

Det viser også tala. I 2015 blei det selt i underkant av 4.000 pannekaker. Talet auka til vel 6.500 året etter. Men så, i 2017, gjorde dei eit hopp til nesten 20.000. Året etter bikka dei nesten 27.000 pannekaker.

I 2019 blei det ein ekstrem auke, med heile 80.145 selte pannekaker. Det gjorde at sambuarparet auka målet til 100.000 pannekaker det neste året. Dette målet har dei ikkje klart å nå, men tala har lege på eit imponerande nivå likevel, med 72.847 i 2020 og 83.233 i 2021. Så langt i år viser tala 57.732.

— Med den farten vi har i dag, når vi kring 94.000 i løpet av året. Det er ny rekord, men vi manglar nokre få tusen for å nå målet, seier Solheim.

— Kva er det som gjer at pannekakene er så populære?

— Det er nok fleire årsaker, men baconet vi bruker er viktig. Vi kjøpar kvalitet, og vi steiker bacon på førehand. Vi kjøper det ikkje ferdig. I tillegg bruker vi egg frå Bontveit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kundar lovar å framleis bruka butikken

Av omsetninga, vil pannekakene åleine stå for om lag 3,5 millionar kroner.

— Dei som kjem hit for å kjøpa pannekaker, kjøper som regel noko meir også. Alt frå brus, energidrikk, snus eller andre daglegvarer, seier Solheim.

Det er mange lokale som brukar butikken flittig, men det er også mange gjennomreisande handverkarar, turistar og så vidare som tek eit stopp på Søfteland.

— Mange av dei seier til oss at dei vil halda fram med å koma innom sjølv etter at den nye vegen har opna, men det vil vera naivt av oss å tru at vi kan halda same omsetnad neste år, seier Solheim.

Lite forståing for betaling på nedbetalt veg

Grunna opning av den nye vegen, har kjøpmannen budsjettert med 20 prosent nedgang i 2023. Han tenkjer at det er realistisk, men han er også spent på å sjå effekten av den mykje omtala nye E39.

— Det er mange som har venta lenge og som gler seg til at vegen endeleg skal opna. Kan ein seia at de ikkje ser fram til opninga av «nyevegen»?

— Om du ser på vegen her, seier Solheim og peikar på eksisterande E39.

– Så ser du at bilane fyk forbi i eit bankande køyr. Det er behov for ein ny veg. Det er framtida. Det som er idiotisk, er bompengar på sidevegen. Vegen er nedbetalt. Vi kjem til å tapa kundar på det, og eg forstår ikkje kvifor det må vera slik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nedgangen i omsetnad skal ikkje gå utover dei tilsette i butikken.

— Men det fører til at vi ikkje tilset fleire og det kan føra til at både eg og Helin får endå lengre dagar enn vi alt har, men det skal ikkje gå ut over dei tilsette.

Ingen planar om å slutta med pannekakene

Kva som skjer med totalomsetnaden og pannekakene i året som kjem, står att å sjå. BA omtalte Joker-butikken og pannekakene i månadsskiftet. Etter at den saka kom ut, auka salet pannekaker monaleg.

— Inngangen til den saka var kanskje litt misvisande. Det er mange som berre les overskrifter, og som trudde at vi skulle leggja ned. Dei kom hit og sa at no var det gjerne siste sjans til å få kjøpa pannekaker. Berre for å slå det fast svart på kvitt, så har vi ingen planar om å leggja ned, eller å slutta med å produsera pannekaker, seier Solheim og smiler.