Det blir framleis nedsett fartsgrense på E39.
Det blir framleis nedsett fartsgrense på E39.

50-sona forbi Svegatjørn blir verande

Sjølv om mykje av arbeidet med nye E39 er unnagjort, vel Statens vegvesen å halda nedsett fart på strekket forbi gamle Svegatjørn.

«50-sona blir ståande

Sjølv om mykje av arbeidet med nye E39 er unnagjort, vel Statens vegvesen å halda nedsett fart på strekket forbi gamle Svegatjørn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vegvesenet opplevde mange skumle situasjonar då arbeidet med nye grøft langs E39, mellom Ulvenvatnet og Svegatjørn, pågjekk sommaren 2016. For å få ned farten på trafikken såg dei seg til slutt nøydde til å laga fartsdumpar. Dei er der framleis.

– Me veit det er ønske om å få opp farten på strekninga igjen, men slik det er no ser me det best å halda på 50-sona. Det pågår framleis arbeid, mellom anna med kummar i området. I tillegg har me att noko arbeid langs vestsida av E39, seier teknisk byggjeleiar for dagsonene Svegatjørn-Rådal sør, Arnhild Fjose.

Omkøyring frå juni

Frå juni skal det gjerast arbeid på austsida av dagens E39. Då startar me med arbeid med vegutviding og overvatn. Då vert trafikken flytta over på det nye rampesystemet opp til Ulvenvegen og over dei nye tunnelportalane.»

kenneth.svenningsen@osogfusa.no