Pålegg: Biskopen har gjeve ei rekkje pålegg, som i fyrste omgang gjeld frå 12. mars til og med 26. mars.

Avlyser alle gudstenester - avgrensingar på gravferder

Koronaviruset gjer at gudstenester vert avlyste og det vert tak på talet personar i gravferder.

– Førebels er alle arrangement i regi av kyrkjelyden avlyst. Aktivitetar for born og unge, inkludert trusopplæringstiltaka babysong, heilt førsteklasses, #meg og konfirmantundervisninga er avlyste eller utsatte, opplyser Os kyrkje på sine heimesider.

Dei følgjer Biskopen i Bjørgvin og FHI sine råd og pålegg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Biskopen har gjeve følgjande pålegg, som i fyrste omgang gjeld frå 12. mars til og med 26. mars:

Gudstenester

Alle gudstenester blir avlyste.

Gravferd

Gravferd kan gjennomførast i kyrkjer og kapell med næraste pårørande til stades (maks femti personar), unnatak må godkjennast i samråd med kommunelegen.

Dåp

Dåp kan gjennomførast dersom det særleg grunn til det, i samråd med kommunelegen. Heimedåp kan vere eit alternativ.

Vigsler

Artikkelen held fram under annonsen.

Vigsler (bryllup) kan gjennomførast dersom det er særleg grunn til det, i samråd med kommunelegen. Kontorvigsel kan vere eit alternativ.

Konfirmasjonsgudstenestene

Mange lurer på om det vil bli konfirmasjonsgudstenester som planlagt i vår. Det er mogeleg at desse gudstenestene kan bli utsett, kanskje heilt til etter sommaren. Men dette vil biskopen ta stilling til seinare.