Til sjukehus: Ein mann fekk ein stygg skade i ein fot

— Barnet slapp frå ulukka utan fysiske skader, men klart det kan vera traumatisk

To motorsyklar støytte saman ved Ulven leir onsdag kveld. Ein mann i slutten av 40-åra blei send til Haukeland med ein stygg skade i ein fot.

Det var klokka 19.58 at meldinga kom inn om ulukka ved Ulven leir onsdag. Politi, brannvesenet og ambulanse rykte ut. Luftambulansen landa ved Ulven leir.

— Det skal ha vore eit MC-treff i Lysefjorden-området. Mannen skal ha vore på dette treffet. Dei to motorsyklane skal ikkje ha køyrd i lag. Politiet held på med etterforsking, og vi har ikkje meir informasjon om kva som er årsaka til ulukka per no, fortel politioverbetjent, Anne Lyssand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
To personar sendt til Haukeland etter trafikkulukke

På den andre sykkelen, var ei kvinne og sonen hennar. Han skal vera 15 år gammal.

— Mannen fekk ein stygg skade i ein fot, og blei flogen til Haukeland med luftambulansen. Kvinna fekk også skade i ein fot, men ikkje like alvorleg. Barnet slapp frå ulukka utan fysiske skader, men klart det kan vera traumatisk.

Vidare fortel Lyssand at innsatsleiar Christine Grindstein under møtet torsdag morgon, kunne opplysa om fantastisk arbeid på staden, frå alle involverte partar.

— Det er fint å få slike tilbakemeldingar etter ei alvorleg ulukke. Alt frå trafikkdirigering til handtering av skadde, skal ha vore veldig bra. Det er positivt å høyra at alle involverte ikkje kunne ha gjort ein betre jobb.