Etter at gamle svanefar tok kvelden har nokre av hans mange etterkomarar innteke sin gamle barndomsheim.
Etter at gamle svanefar tok kvelden har nokre av hans mange etterkomarar innteke sin gamle barndomsheim.

Ber folk innstendig om å slutta og mata svanene

Etter av hamnesjefen vart kverka, har ei heil syndeflod av svaner innteke Os hamn. No ber administrasjonen folk om å slutta og gje dei mat.

I politisk kvarter i plan- og bygningsutvalet i dag ville Terje Sperrevik (TvS) vita om Os hamn var klar for sommarsesongen. Han spurde mellom anna om det var meldt om noko problem mellom svaner og båtar.

–  Eg har talt over 30 svaner, og det er ein god del aktivitet i samband med desse. Er det gjort noko i høve til den situasjonen?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Heilt håplaust

Kommunalsjef Aina Tjosås stadfesta den kraftige veksten i talet svaner som vil vera i høve til fjorårets sesong, og enn så lenge hadde dei ikkje registrert noko problem i høve til båtane. Likevel ville ho oppfordra folk om å slutta å gje dei mat.

– På det meste har me talt over 50 svaner. Det ser ut som fredelege fuglar som glir mellom båtar utan større problem. Men sjølve talet svaner er for stort, og me ønskjer verkeleg at folk sluttar å gje dei mat. Dei operer i flokk, og folk har med seg heile bossekkar fulle av mat som dei gjev dei. Det er heilt håplaust, sa Tjosås.