Nesten-ulukke: Ein syklist skal ha vore nære på å bli køyrd ned av ein bil i høg fart på Hatvikvegen førre veke.

Ber syklist melda seg etter nestenulukke i høg fart

Personen som var på sykkeltur på Hatvikvegen skal ha vore nære på å bli køyrd ned av ein bilist som tilsynelatande hadde dårleg tid onsdag.

Politioverbetjent Anne Lyssand fortel at dei har fått melding om ei hending som skjedde onsdag førre veke. Personen som melde frå til politiet var på veg til ferjeleiet på Hatvik for å nå ei ferje som gjekk klokka 15.10 onsdag.

– Meldar skal ha halde fartsgrensa. Rett før nedoverbakken når ein nærmar seg ferja, er det ein sving der ein kan ta av vegen. Det er i dette området at melder skal ha blitt forbikøyrd av ein Volvo som skal ha vore gull-metallic i farge. I prosessen skal denne bilen ha vore nære ved å køyra ned ein syklist, fortel Lyssand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet kjenner identiteten til bilføraren. Dei vil gjerne at syklisten melder seg.

– Vi ønskjer å koma i kontakt med han eller ho som sykla, og kjem til å følgja opp denne saka.