Heva pokalen: Store glis over heile linja då norenesingane fekk det synlege beviset på at dei var best i Bergen Cup.

Best i Bergen Cup. Henta heim gullet med 10–9-siger i finalen

– Det var utruleg spennande. Skikkeleg, skikkeleg gøy, seier Irene Særvold Halvorsen.

Ho har vore trenar for handballaget sidan dei gjekk i første klasse. No er det Gitte Torp som er hovudtrenar. Med seg på cupen hadde ho også Hildegunn Børretzen Omdahl, Hilde Kristine Røttingen, Torill R. Hesthamar og Anna S. Mjånes.

– Endeleg fekk jentene vera med på eit skikkeleg sluttspel. Dei har jo vore litt hemma av korona gjennom heile ungdomshandballen. Endeleg fekk dei vera med på ein ordentleg cup. Knallgøy at dei klarte å ta gullet med heim, slår Sævold Halvorsen fast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bergen cup gjekk av stabelen frå torsdag til søndag. I finalen møtte norenesingane, som stilte med to lag i cupen og spelarar frå både 2006- og 2007-kullet, Gneist.

– På grunn av sjukdom klarte vi ikkje å stilla to fulle lag. Det eine laget spelte på dispensasjon, og fekk ikkje gå vidare til sluttspelet. Men begge laga gjorde det kjempebra, og alle fekk spelt mykje og god handball, seier Særvold Halvorsen.

– Innsatsen har vore kjempegod gjennom heile cupen

I starten av september skal laget spela kvalifisering til Bringserien. Særvold trur Bergen Cup har vore ei god oppkøyring til det som skal skje til hausten. Cupen har vore veldig god for samhaldet, spesielt på tvers av kulla.

– Innsatsen har vore kjempegod gjennom heile cupen. Det er ein treningsvillig gjeng. I tillegg er dei veldig gode på det sosiale. Jentene har blitt kjent med lag både frå Tyskland og Førde, og har hatt det kjempegøy også utanfor banen, seier Særvold Halvorsen og legg til:

– Endeleg fekk vi sjans til å gjera noko som både var sportslig bra og sosialt bra. No gler vi oss til å starta opp igjen i byrjinga av august.

Bergen Cup vart starta i 2015, og etablerte seg raskt som den største internasjonale handballcupen i Noreg. Cupen er ein utandørscup der samtlege kampar vert spela på kunstgraset på Varden sportsanlegg. Cupen vert arrangert av Kjøkkelvik IL og Fyllingen Håndball, og har sidan starten i 2015 hatt besøk av lag frå mellom anna Brasil, Skottland, Island, Sverige, Tyskland, India, Nepal, Danmark, Romania og Bangladesh. Det kjem også mange internasjonale dommarar til cupen kvart år.

– Dei norske laga er i fleirtal, og kjem frå heile det langstrakte landet vårt. Dei aller fleste tilreisande bur på skular i nærleiken av cupområdet. Det skjer også at lokale lag vel å delta som tilreisande lag og bu på skule for å få den ekstra «cup-følelsen». I år valte Nore Neset denne løysninga, opplyser Hildegunn Børretzen Omdahl i ein e-post til avisa.

Alt frå minihandball-lag til lag i 16-årsklassen deltek i cupen. Når det gjeld vêr, bydde cuphelga på alt frå strålande sol og nærare 30 grader til regnbyer og 15 grader.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Den siste kvelden tok vinden tak i fleire av mat-telta, men finalespelet gjekk som planlagt og stemninga har vore god heile vegen, går det fram av e-posten.

Supersupportar: På sidelinja følgde supersupportaren Zorro med. Sjølvsagt ulasteleg kledd i Nore Neset sine fargar.