Stengd: Fylkesveg 579 skal vera stengd i Rødsliane grunna ei trafikkulukke.

Trafikken står og vegen vil bli stengd: – Forholda på staden er ikkje forsvarlege

Det skal ha starta med at ein bil hamna i grøfta. No står trafikken i Rødsliane.

Klokka 21.50 melde Vegtrafikksentralen Vest på X (tidlegare Twitter) om ei ulukke på fylkesveg 579, Hegglandsdalsvegen.

Det skal vera ein personbil involvert, og vegen er stengd som følgje av hendinga, som ut frå kartutsnittet, har funnen stad i Rødsliane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det vert opplyst at bilbergar er tilkalla.

Bjørnafjorden brann og redning har ikkje fått melding om ulukka i skrivande stund. Det har heller ikkje Vest politidistrikt.

Trafikkoperatør ved vegtrafikksentralen, Ken Ove Holm, fortel til Os & Fusaposten at det skal vera svært glatt på staden.

– Forholda på staden er ikkje forsvarlege. Vegen kjem til å bli stengd. Det er ein bil som har hamna i grøfta. Ingen alvorleg ulukke. Det er fleire bilar som står i ro på staden og ikkje vågar å køyra vidare, fortel Holm.

Nett no er det ingen som kjem seg nokon veg – verken opp eller ned Rødsliane.