Kjipt vêr: Meteorologen kan diverre ikkje melda om lysare tider vêrmessig. — Det blir vått og grått framover, seier Leonidas Tsopouridis.

Farevarslane hagler inn: — Det som er heilt sikkert, er at det er vått og grått framover

Nett no snør det, men det er venta at det vil gå over til sludd og så regn innan søndag.

Fredag sende meteorologane ut eit gult farevarsel for is for delar av Vestland, med verknad frå i dag, laurdag klokka 13.00.

Sidan er det kome to nye, gule varsel. Eitt for flaumfare frå klokka 13 søndag og eitt for sørpeskredfare, der det er meld at faren aukar frå klokka 18 søndag.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Hei, ja. Vi kan starta med farevarsel for is. Det er gyldig til og med i morgon, seier meteorolog Leonidas Tsopouridis ved Meteorologisk institutt, då avisa tek kontakt laurdag.

— Det snør no. Det vil gå over til sludd, og kanskje litt regn alt seinare laurdag. Det er overgang til mildvêr, og kaldt i bakken, noko som fort kan føra til vanskelege forhold.

Her i Bjørnafjorden, som fleire andre stader i området, er det venta store mengder nedbør.

— Natt til måndag ser det verst ut i ditt område. Det kan koma mellom 60—80 millimeter regn på eit døgn. Samstundes pågår snøsmelting, noko som kan føra til overvatn mange stader, seier Tsopouridis.

Meteorologen legg til at også fare for sørpeskred-varselet gjeld for Bjørnafjorden, då dette gjeld for alle stader med mindre enn 50 cm snø.

Grått ut neste veke

Det er ikkje til å leggja skjul på at det står på for meteorologane i desse dagar. I tillegg til å vurdera vêr som kjem og situasjonar, er det mange som ønskjer eit ord med dei.

Dei har diverre ikkje godt nytt å melda — ikkje ein gong éin dag med opphaldsvêr er det mogleg å håpa på.

— Det ser ut til å bli mange dagar med regn, og store mengder regn fleire av dagane. Det ser ut som at det skal regna ut neste veke, men dette er litt usikkert. Det som er sikkert, er at det blir vått og grått framover.

Artikkelen held fram under annonsen.

Krevjande forhold

Vegvesenet har vore ute og meld at det dei oppmodar folk til å lata bilen stå, om det er mogleg.

— Vestlandet vil få det verst på søndag og måndag. Det kan bli svært glatte vegar, og i bratt terreng kan det vera fare for skred. Vegar kan bli stengd på kort varsel, skriv vegvesenet i ei trafikkmelding.

Vegtrafikksentralen Vest har laurdag meld på X — tidlegare Twitter — om svært krevjande forhold på mange gang- og sykkelvegar i regionen.

— Det ligg mykje tung snø og det vanlege utstyret fungerer ikkje godt nok. Entreprenørane forsikrar oss om at dei jobbar på med gravemaskin, traktor og fres, og i tillegg må køyra bort noko av snøen. Dette tek tid, skriv vegvesenet på X.