Bjarte Bøe er lei av manglande overgangsfelt. – Eg skal eigenhendig måla dei kvite stripene om eg berre får vedtak frå fylket, seier han.

Bjarte vil gjera jobben gratis. Fylket takkar nei

— Be fylket ordna vedtaket, så skal eg ta jobben og kostnaden, seier Bjarte Bøe.

Publisert Sist oppdatert

Entreprenøren frå Os er lei virvarret kring det manglande overgangsfeltet ved avkøyringa til Hesthaugen, like ved Borgafjellet skule.

 47-åringen driv to firma som held til i dei gamle lokala til lefsebakeriet.

– Eg driv Ask Transport og Grunn og Betong. Kvar dag har eg eit titals lastebilar som køyrer forbi her. Me kjenner ekstra på det når elevar kryssar vegen utan eit skikkeleg overgangsfelt, seier Bøe.

Dei må berre få opp eit overgangsfelt snarast. Det spelar nesten inga rolle akkurat kor. Kjem det kvite striper vil borna læra seg at det er der dei skal gå over.

Bjarte Bøe

Øyvind Lyssand held til i same bygg. Også han har store bilar som køyrer til og frå i området.

– Dette kan ikkje dra ut lengre. No må me gjera noko før det skjer ei ulukke, slår Bøe fast.

Bjarte Bøe held til i det gamle lefsebakeriet sine lokale og ser dagleg skuleborn som kryssar vegen.

Må flytta overgangsfeltet

Det er fem år sidan Borgafjellet barneskule vart opna. Enno er ikkje fotgjengarfeltet ved utkøyringa frå Hesthaugen på plass.

– Då vegen var ferdig oppgradert, etablerte me eit krysningspunkt med 'nedsøkt' fortau og god belysning på vestsida av avkøyringa til Hesthaugen, i tråd med gjeldande reguleringsplan. Så har det vist seg at skuleborna heller vel å kryssa på austsida av krysset, sa rådgjevar i Vestland fylke, Christian Rye, sist Os & Fusaposten skreiv om saka.

Han viste vidare til at risikoen for påkøyrsle er vesentleg større framfor og bak eit gangfelt enn i sjølve gangfeltet. 

– Plasseringa av kryssingspunktet må difor flyttast om me skal etablere eit gangfelt. Og me er avhengige av midlar til for å kunna gjennomføra dette, sa han vidare.

— Berre tull

Bjarte Bøe og kollegaene i det gamle lefsebakeriet ristar på hovudet av argumentasjonen.

– Dei må berre få opp eit overgangsfelt snarast. Det spelar nesten inga rolle nett kor. Kjem det kvite striper, vil borna læra seg at det er der dei skal gå over, seier Bøe.

— At borna har kryssa vegen på austsida fram til no, er jo rett og slett fordi stripene og skiltet ikkje er kome opp. Det er klart dei vil gå der det er striper, meiner Bøe.

Vil betala

Om det er midlar det står på, betalar Bøe gjerne for heile jobben.

– Eg skal ikkje berre betala. Eg skal eigenhendig gjera jobben. Det er jo heilt vilt at denne saka står fast grunna mangelen på nokre 'lusne kroner'. Kjem fylkeskommunen med eit vedtak, skal eg ordna dette i løpet av nokre dagar, slår entreprenøren fast.

Fylket seier dei må flytta overgangsfeltet til austsida (den raude ringen) av avkøyringa til Hesthaugen.

Krysningspunktet må flyttast

Vestland fylke sin rådgjever for vegforvalting i bergensormådet, Christian Rye, seier dei set pris på engasjementet frå entreprenøren. 

— Slik me forstå 'tilbodet', gjeld det i hovudsak oppmerking av gangfelt i det eksisterande krysningspunktet. Dersom tiltaket berre hadde bestått av skilting og oppmerking av kvite striper der, ville fylkeskommunen naturleg nok ha gjennomført dette kort tid etter skiltvedtak frå Statens Vegvesen, seier Rye og held fram:

– Utfordringa er at borna i praksis ikkje kryssar vegen i det tilrettelagte krysningspunktet på vestsida av avkøyringa til Hesthaugen, men på austsida, seier Rye.

Han legg til at fleire studier viser at risikoen for påkøyring av mjuke trafikantar er vesentleg høgare framfor og bak eit gangfelt, enn i sjølve gangfeltet, og at dette skuldast at dei køyrande har merksemda retta mot gangfeltet der dei forventer at kryssing vil skje.

– For å gjera kryssinga av vegen tryggast mogleg, må kryssingspunktet difor flyttast til austsida av avkøyringa, der borna faktisk kryssar vegen.

Powered by Labrador CMS