Brannen starta i eit batteri i bil som stod på lading. Brannen spreidde seg sidan til olje, spillolje og andre kjemikaliar i bygningen.

Brannen skal ha starta i batteri i bil på lading

Spreidde seg til olje, spillolje og andre kjemikaliar.

Brannen starta i eine enden av ein større lagerbygning på adressa Hegglandsdalsvegen 260.

Brannen starta i eit batteri i bil som stod på lading. Brannen spreidde seg sidan til olje, spillolje og andre kjemikaliar i bygningen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifølgje brannsjef Eivind Hovden spreidde brannen seg «rett veg», ut mot enden av lokalet, og ikkje vidare innover, der det mellom anna stod andre bilar.

Brannvesenet var raskt på staden.

– Brannen vart raskt lokalisert og isolert. Fire røykdykkarar vart sendt inn. Det var høg temperatur. Røykdykkarane er framleis i lokalet. Det vert jobba med å ventilera ut røyk og varme, opplyser Hovden.

Det vart slått full alarm. Då stiller heile brannmanskapet, til saman maks 20 personar.

– Då me fekk raskt kontroll, var det ikkje naudsynt å be om hjelp frå andre einingar.

Det vart sendt ut varsel om helsefarleg røyk og oppmoding til naboane om å stengja vindauge og ventilasjon.

Les også
Brannen i Hegglandsdalen: Melder om helsefarleg røyk i området - bed naboar lukka vindauga

– I starten kom det helsefarleg, tjukk, svart røyk på grunn av brann i spilloljetanken. No er ikkje dette ei problemstilling lenger. No kjem det kvit røyk på grunn av den høge varmen, seier Hovden.