Huseigaren trur det var ei kattugla som sette seg fast i pipa.
Huseigaren trur det var ei kattugla som sette seg fast i pipa.

Brannvesenet redda ugle frå døden

Ofte kjem ikkje uglene levande frå det - heldigvis kom me tidsnok denne gongen, seier brannmannen som redda ugla ut frå ei pipe i går føremiddag.

- Ugla hylte og skreik heile natta. Me prøvde å få ho laus, men greidde det ikkje. Til slutt valde me å ringja brannvesenet, seier Jan Gausdal om gårsdagens hending heime i Skeisstøa på Nore Neset.

Hans Marius Hauge og Magnus Askvik rykte ut, og fann ut at ugla hadde kilt seg fast heile nedst i peisen. - Me opna sotluka og der såg me rett inn i augene på ugla, seier Askvik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han fekk lirka henne ut, og bar henne deretter forsiktig ut på terrassen.

- Det hender ofte at feiaren treff på fuglar nedi pipene. Då er dei stort sett døde. Så det er litt fint at ugla vart oppdaga så tidleg at ho kunne reddast, seier Askvik.

Ein takk frå ugla

Etterpå la dei følgjande poetiske skildring ut på facebook:

Den sotsvarte ugla vert boren ut av Magnus Askvik.
Den sotsvarte ugla vert boren ut av Magnus Askvik.
Ugla kan skimtast like til venstre for huset.
Ugla kan skimtast like til venstre for huset.

- To brannmenn reiste ut til Skeisstøa, lokaliserte fuglen, opna feieluka og fjerna lukesteinen. Der sat ugla med sot i fjæra og med eit sorgfullt blikk. Ugla blei løfta forsiktig ut og sett i det fri. Ei velnøgd ugle tok ein rolig sving i lufta før ho forsvann. Me tolkar svingen som ein takk frå ugla.

Jan Gausdal meiner det må dreia seg om ei kattugle. I så fall er det eit relativt vanleg ugle, sjølv om bestanden har sett ein viss nedgang dei siste åra. Ho kan få ei vingespenn på opp til ein meter, er spraglete brun og har heilt svarte auger.

Lasse (12) filma redningsaksjonen

Fleire av barneborna var til stades under redningsoperasjonen, og Lasse Gausvik Bårdtvedt filma det heile.

- Den stakkars ugla var full i sot etter å vore i pipa i over ein dag. Ho var heilt svart då brannvesenet fekk ho ut. Heldigvis kom ho seg igjen, skriv Bårdtvedt på instagram.