Coop trekkjer Pizza Kit. Foto: Coop / NTB scanpix / NPK

Coop kallar tilbake pizzaprodukt

Coop kallar tilbake 736 utgåver av produktet Pizza kit 600 gram, fordi pizzasausen i pakninga kan innehalda spor av metall.

Det dreier seg om produkt med haldbarheitsdatoane 23.7.2020, 6.8.2020 og 13.8.2020.

Det vart oppdaga at røyret som syg pizzasausen opp i glasa, flassa. Det er ikkje gitt utslag på metall under røntgenundersøkingar før pakking.

– Vi ønskjer saman med leverandøren likevel å trekkja produktet. Kundane skal vere trygga på den maten dei kjøper hos Coop, derfor ønskjer vi å vera på den sikre sida og trekkjer produktet frå alle butikkane våre. Vi oppmodar kundar som har kjøpt produktet med dei spesifikke haldbarheitsdatoane, om å levera produktet tilbake til butikk, slik at dei kan få refundert pengane, seier kommunikasjonssjef Harald Kristiansen i Coop Noreg.

Produktet det gjeld, er fjerna frå butikkane.