Dei møtte Kongen: — Han fekk alle til å føla seg viktige
Patricia Langeland gløymde alt av etikette då ho sat til bords med Kong Harald. Her er nokre av dei som har møtt han.
Så langt Os & Fusaposten veit, var ikkje kong Harald nokon gong på offisielt besøk til verken Os eller Fusa kommune. Derimot var han som kronprins med då Kong Olav kom på offisielt besøk til Os i 1982.
Truleg har han vore her fleire gonger til vanns enn til lands. Kongeskipet har vore ein gjengangar på Bjørnafjorden. Sist i mai, då skipet ankra opp utanfor Skjørsand på veg til kommunebesøk i Samnanger.
Sist vi veit at Kongen sette fot i Bjørnafjorden, var då prinsesse Märtha Louise feira 30-årsdag på Lysøen i 2001.
Den gongen var det ein lattermild konge som oppdaga at ausekaret den ugifte prinsessa hadde fått i gåve frå Oselvarlaget, hadde ein pose Hindu-pepar limt til undersida.
— Er det sant? Var det kongen som oppdaga det? Utruleg. Nett som me hadde håpa på, sa ein smørblid Rune Søvik til Os & Fusaposten.
Fleire tiår før dette, i 1974, var kronprins Harald til stades ved opninga av museet på Lysøen. Som kronprins har han òg vore gjest ved Solstrand Hotel & Bad.
Kongebilen og Kongeskipet
Kongen har dukka opp i Os & Fusaposten ved fleire høve.
Hålandsdølen André Bjørndal er omtalt i ein notis frå 1991. Han stod nemleg vakt ved gravferda til kong Olav, og seinare æresvakt då kronprins Harald V vart teken i eid som konge.
I 2001 intervjua vi 21 år gamle Halvor Hanevik frå Hagavik som var dekksgut på Kongeskipet. Os & Fusaposten var på slep då Kongen gjekk om bord og inspiserte mannskapet i paradeuniform.
— Det er noko spesielt å kunna seia at ein har jobba for Kongen, sa Hanevik den gongen.
I løpet av tenesta fekk han mellom anna vera med til Stockholm der det svenske kongeparet feira sølvbryllaup med alle kongelege i Europa.
I desember 2016 fortalde Os & Fusaposten om Anne Merete Hellebø som køyrde rundt i kongens gamle Volvo. Eller kongebilen, som bilen vart heitande i venegjengen.
— Det er ikkje slik at vi har kjøpt bilen fordi han er blitt brukt av kongen. Det fekk vi først vita når vi hadde bestemt oss. Det var ikkje akkurat nemnd i Finn-annonsa. Ei heller blei bilen dyrare av den grunn. Men ein kuriositet er det, sa Hellebø til Os & Fusaposten.
Klappa han på skuldra
Så seint som i november i fjor sat fortenstmedaljevinnar Patricia Langeland til bords med Kong Harald på slottet. Så sjarmerande og blid var han, at ho reint gløymde seg og klappa han på skuldra og titulerte han som 'du'.
At etiketten forsvann og personlegdommen tok over, trur Langeland berre viser kor varm og fin kongen er.
— Kongen hadde full kontroll på kva kvar enkelt rundt bordet dreiv med. Samtalane var lette og fulle av latter, og han fekk alle til å føla seg viktige, sa Patricia til Os & Fusaposten.
I 2023 var nyleg avdøde Hjørdis Juvik på slottet. Som ein av fleire fortensmedaljevinnarar, var rosemålaren frå Os blant æresgjestane. Med seg hadde ho ektemannen Torolf Juvik. Både han og Kong Harald støtta seg på krykker.
— Det var verkeleg flott. Eg hadde ikkje venta at det var så stort, sa Torolf.
På førehand fekk dei instruksjonar om korleis dei skulle tiltala kongen. Dei kunne seia «God dag, deres majestet», eller kanskje berre bukka.
Torolf gjekk for det fyrste alternativet, og la til akkurat det han tenkte på: «God dag, deres majestet, eg har venta lenge på å få lov til å seia det».
Også Bjørnafjordens mest kjende optikar, Hans Bjørn Bakketeig, har vore på gallamiddag på Slottet. Det skjedde etter at han i 2017 vart utnemnd til Ridder av første klasse for sin store innsats for svaksynte og vanskelegstilte i Moldova.
— Det er klart det er ei ære. Det er veldig stort og eg har litt sommarfuglar i magen, sa Bakketeig på veg inn dørene.
Politiske møte
Av dei som møtte Kongen ofte, og med ujamne mellomrom, finn vi våre politiske representantar.
Ei av dei er tidlegare stortingsrepresentant, og noverande vara til Stortinget, Laila Reiertsen (FrP). Ho har vore til stades ved fleire stortingsmiddagar på slottet og fleire gonger ved opninga av Stortinget.
— Eg kjenner meg heldig som har fått oppleva han. Kong Harald er slik han verkar; raus, nær og veldig til stades. Du kan jo tenkja deg når 169 stortingsrepresentantarar, pluss ein del andre, tek han i handa på veg inn, og så føler du likevel at han ser akkurat deg.
For Reiertsen er det ein trist og vemodig dag.
— Han har vist seg som ein heidersmannog i alt han har gjort. Ein bestefar som bryr seg om land og folk.
Om nokre veker, 2. oktober, skal ho vera der når Kong Haakon opnar Stortinget.
— Det blir vemodig at Kong Harald ikkje er der, og samtidig stas å få møta den nye kongen vår.
Også Marte Mjøs Persen, tidlegare Ap-ordførar i Bergen, mangeårig stortingsrepresentant og statsråd, sørger i dag.
— Eg mottok meldinga om Kongens død med djup sorg. Kongen var eit klokt, humoristisk og varmt menneske og statsoverhovud som såg menneska han møtte i alle samanhengar. Eg kjenner meg djupt privilegert som fekk møta Kongen i både Statsråd på Slottet og som vertskap som ordførar i Bergen. Det var alltid ei ære og ei glede.
Ein koseleg bestefar
"Eg synest han ser ut som ein koseleg bestefar", sa Rogen Ureta Taran då han teikna Kong Harald i 2022.
— Kongen er også eit viktig symbol i Noreg. Duterte, presidenten på Fillipinane, er ikkje noko å samla på, så eg ville mykje heller teikna Kongen.
Den fillipinskfødde fusingen brukte 39 timar fordelt på 21 dagar på å laga teikninga.
For Inglaug Brimsholm var det uaktuelt å takka nei då ho i 2016 fekk invitasjon til hageparty på Slottet. Kongehuset ville gjera stas på landets "eldsjeler og kvardagsheltar", og Os kommune peika på den grepa dama frå Øyane.
Etterpå oppsummerte Inglaug dei mange inntrykka slik:
— "Alt" var bra. Men dersom eg skal peika på noko spesielt, så må det kanskje vera kongens flotte tale. Den gjorde veldig inntrykk på meg. Stort var det også å få handhelsa på Kong Harald som var både blid og imøtekomande sjølv om det var mange som skulle prata med han.
Til saman ni personar frå Os og Fusa fekk plass på hagefesten. Tove Tvedt Skarstein kom i prat med den båtglade kongen.
— Eg spurte kvar dei hadde vore og litt om segling. "Ja, det er viktig å leika", svara Kongen meg. Så kom eg til å seia at eg seglar, eg også. Men då han spurte kva båt eg hadde, hugsa eg ikkje det, så eg svara berre "Nei, han er blå", fortalde Tove til Os & Fusaposten.