Ein nøgd gjeng i Os & Fusaposten kan gle seg over opplagstala som vart lagt fram tysdag.

Ferske opplagstal:

Den positivte utviklinga held fram for Os & Fusaposten 

– Tusen takk til alle som les oss og abonnerer på Os & Fusaposten.

Publisert

Lokalavisene står sterkt blant folk i heile Norge. Det viser ferske opplagstal som Landslaget for lokalaviser (LLA) og Mediebedriftenes Landsforening (MBL) legg fram i dag, tysdag.

Det er særleg den digitale veksten som held fram mellom lokalavisene. Den samla digitale veksten er på over 12 prosent blant LLAs 130 medlemsaviser – frå 1. halvår i fjor til same tid i år. Den totale opplagsveksten er på over to prosent.

For Os & Fusaposten sin del, viser tala for første halvår 2026 ein auke på 446 samanlikna med same periode i fjor.

Det offisielle opplagstalet for Os & Fusaposten i første halvår 2026 var dermed 6.573.

– Tusen takk til alle som les oss og abonnerer på Os & Fusaposten. Dette motiverer til å laga endå betre saker som de lesarar er opptekne av og som angår dykk i kvardagen. Me tek svært gjerne imot tips til kva de vil ha meir av i spaltene, seier redaktør Jostein Halland, som er svært imponert over staben i avisa som legg ned ein stor innsats kvar dag og syt for at Os & Fusaposten tek stadig nye steg.

Generalsekretær Tomas Bruvik i Landslaget for lokalaviser gler seg over at lokalavisene står så sterkt blant folk i heile landet:

– Lokalavisene byr på truverdig, redaktørstyrt og lokal journalistikk som engasjerer folk. Dei nye opplagstala viser at folk set stor pris på jobben som lokalavisene gjer, seier Bruvik.

I anledning LLAs jubileum, er 2026 «Lokalavisåret». Det blir også markert på eit arrangement på Eidsvoll i oktober, der ytringsfridom blei grunnlovsfesta i mai 1814.

– I lys av den urolege verda vi lever i, med til dels hatefull debatt i sosiale medier, er det all grunn til å slå ring rundt ytringsfridomen og lokalavisenes bidrag til ein sunn debatt og lokalt engasjement. Lokalavisene bidrar til eit betre lokaldemokrati, seier generalsekretæren i Landslaget for lokalaviser.

Powered by Labrador CMS