Falsk: Døme på ein falsk sms med ei adresse som ikkje viser til Skatteetaten.

Denne sms'en er IKKJE frå Skatteetaten

Kvart år rundt tida for skattemelding, skattekort og skatteoppgjer kjem det nye variantar av falske e-postar og tekstmeldingar.

– Svindelforsøka blir stadig meir utspekulerte og får utsjånad som blir svært truverdig. Det gjer at folk må vere ekstra på vakt når det tilsynelatande kjem meldingar frå til dømes oss i Skatteetaten med lenker eller innlogging, seier direktør for tryggingsstaben i Skatteetaten, Ragna Fossen, i ei pressemelding.

E-postar eller tekstmeldingar med svindelforsøk har ei utforming der logoar og fargar gjerne er heilt like offentlege etatar som dei gir seg ut for å vera frå. Då er det éin ting som er ekstra viktig å vite:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Skatteetaten sender aldri uoppmoda ut lenker som du skal klikka deg inn på, og vi ber ikkje om direkte innlogging. Vi etterspør heller ikkje bank- eller kredittkortopplysningar på sms eller e-post, seier Fossen.

E-post eller meldingar med QR-kodar som skal skannast blir også stadig meir vanleg. Dei kan leia deg til nettsider som samlar sensitive opplysningar om deg eller spreier skadeleg programvare.

I desse dagar, når folk ventar på skattemeldinga si, er svindelforsøka ekstra utbreidde.

– Phishingforsøk aukar i Noreg og globalt, men heldigvis er medvitnivået, skepsisen og kompetansen i befolkninga generelt forbetra. Likevel endrar også svindlarane taktikk og mange blir framleis lurte til å klikka på lenker, seier Fossen.

* Sjå nøye på e-postar og sms-ar du får. Ta ei kritisk vurdering av e-posten/sms'en og sjekk avsendaren. Kan detta vere rett? Sunn skepsis er aldri feil.

* Samanlikn avsendaradressa med tidlegare ekte e-postar/sms-ar. Dei kriminelle blir stadig flinkare til å etterlikna logoar, fargar og språkføring. Sjå difor spesielt etter falsk avsendaradresse, dårleg språk og stavefeil.

* Ver særleg merksam viss du i ein e-post/sms blir beden om å oppgi sensitive opplysningar som kontonummer eller tryggingskodar. Det vil Skatteetaten aldri be deg om på e-post eller sms.

* Ikkje opne vedlegg frå ukjende og klikk ikkje ukritisk på lenker, heller ikkje dei du får opp når du søkjer sjølv på internett. Skriv heller inn internettadressa i nettlesarvindauget ditt.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Er du i tvil, dobbelsjekk med den rette avsendaren på til dømes Skatteetaten.no eller ring dei på 800 80 000.