Det er mange i verda som gruar seg til jul. Anne ønskjer å bidra lokalt
Om ei lita veke, held Anne Matre (61) foredrag til inntekt for SOS Bjørnafjorden.
— Eg blei heilt rørt då eg las sakene om SOS Bjørnafjorden i avisa, og fann ut at eg ville gjera noko for å hjelpa, seier Anne Matre.
I fjor sette Matre saman foredraget “Desemberinspirasjon”. Ho hadde foredrag på biblioteket i Os, i Odda og Uskedalen. I år har ho vore på Haaheim Gaard, og det er mogleg at ho skal attende der.
Artikkelen held fram under annonsen.
Her i Os, var foredraget utselt i fjor. Det var ikkje alle som fekk plass då. Onsdag om ei lita veke får dei ein ny sjanse. Arne Mæland skulda Matre ei teneste. Då tok ho kontakt med han, og spurte om å få låna Solbakkestova.
— Han sa ja med ein gong, utan å spørja kva det var eg skulle, seier Matre og smiler, før ho legg til:
— Det er plass til nokre færre enn på biblioteket i fjor. Rundt 50. Eg håpar og trur at mange vil ta turen. Dei eg har nemnd det for, har i alle fall vore veldig positive, seier Matre.
Viktig arbeid
Alle inntektene vil gå direkte til SOS Bjørnafjorden. Det kostar pengar å få ta del i kvelden, men ein kan også bidra utover inngangssummen, om ein føler for det.
— Eg håpar også at fleire, også dei som ikkje kjem på foredraget, ønskjer å bidra økonomisk til det viktige arbeidet organisasjonen gjer. Dei står på for å hjelpa andre i kommunen. Eg blir heilt rørt, seier Matre.
Det med å hjelpa lokalt, er gjerne noko ein kjenner ekstra på. Matre seier at ein har høyrd i alle år at det er mange menneske, mange stader, som kvir seg til jul kvart år.
— Det er ulike årsaker til at nokon gruar seg til jul. Det kan vera at ein har mista nokon. Tragediar, og andre ting. Men når nokon gruar seg fordi dei ikkje har økonomi til å kjøpa gåver, julemat eller det vesle ekstra i jula, då tenkjer eg at dette må vi kunna hjelpa med. For det er så mykje lettare å gjera noko med, seier ho.
Vidare seier Matre at det nok for mange er skambelagt å ha lite pengar. Då ho vaks opp, hadde familien lite å rutta med, men det hadde også mange andre.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Vi måtte laga ting i staden for å kjøpa. Slik var det for mange kring oss også. I dag er det annleis. Det er kanskje berre éin i klassen som veit at han eller ho ikkje får det dei ønskjer seg til jul.
Godkjensle av å hjelpa
Straumprisane har til tider vore svært høge. Det er sagt at det nok kjem til å bli ein tøff vinter i så måte. Matprisane aukar. Renta stig og drivstoffprisane held seg høge.
— Det er nok diverre slik at mange, og fleire enn før, er livredde frå månad til månad.
I fjor hjelpte SOS Bjørnafjorden 20 familiar til jul. I år reknar dei med at bortimot 50 familiar ønskjer den same hjelpa.
Organisasjonen hjelper dei som er økonomisk vanskelegstilte ikkje berre i jula, men året rundt — med alt ein treng i ei hushaldning — som mat, klede, sko, leikar, verktøy og så vidare.
Matre har ikkje sett eit mål for kor mykje ho ser føre seg eller håpar at kvelden vil generera til organisasjonen.
— Alt vil hjelpa, uansett. Klart dei treng pengane, og dette er ein enkel måte å bidra på, seier ho og legg til:
— Ingen kan gjera alt, men saman kan vi gjera noko. Ved å hjelpa andre, kan ein med godt samvit nyta jula der ein sit, god og mett og varm. Det å hjelpa nokon, gjev ei godkjensle.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Korleis reagerte SOS Bjørnafjorden då du tok initiativ til dette?
— Dei takka veldig for det. Så vil det no visa seg kva det blir ut av det, seier Matre og smiler.