Tekne godt imot: - Dei som finn vegen i kveld vil bli godt tekne i mot av eit solid team av vaksne, forsikrar Sigurd Rotvik Tunestveit.

— Det er mange som er prega av den tragiske hendinga

Tunet opnar dørene for ungdomen i kveld. — Det er viktig at dei har ein arena å møtast, seier Sigurd Rotvik Tunestveit.

Den daglege leiaren i Os kyrkjelyd fortel at dei vil leggja til rette for ein uformell treffstad for ungdom tysdag kveld.

— Det er mange som er prega av den tragiske hendinga ved bussterminalen søndag kveld. Fordi det er vinterferie får ikkje ungdomane snakka ut om det som har skjedd på skulen. Då er det viktig at me gjev dei ein annan arena å møtast på for å bearbeida det dei opplever, seier Tunestveit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
16-åring varetektsfengsla i ei veke
Les også
Knivstikkinga søndag kveld: — Det skal vera trygt å vera ungdom i Os

Han legg til at dei er i tett dialog med Ung Arena.

— Dei hadde ope hus på måndag, så tek me stafettpinnen vidare i kveld. I morgon er det ope att på Ung Arena, så får me sjå om behovet er der framleis. Er det behov, opnar me på torsdag att og eventuelt fredag også, fortel Tunestveit.

Les også
Her søkjer politihunden etter bevis

Trygg arena

Tunestveit er klar på at dei som finn vegen i kveld vil bli godt tekne i mot av eit solid team av vaksne.

— Me vil ha prest, diakon, kateket og andre ungdomsarbeidarar på plass. Alle vil vera tilgjengelege for ein prat, men først og fremst er dette ein plass der ungdom kan møta kvarandre og snakka ut i saman.

Les også
16-åring sikta for drapsforsøk etter knivstikkinga søndag
Les også
Oppmodar ungdomane til å ta vare på kvarandre: — Og har du informasjon, ta kontakt!