Såg nærare på 10: Statens vegvesen hadde i alt 29 køyretøy innom for kontroll fredag. 10 av desse valde dei å sjå nærare på.

Dette frontvindauget førte til bruksforbod

Statens vegvesen hadde kontroll på Os fredag.

Statens vegvesen kontrollerte i alt 29 køyretøy. 10 av desse valde dei å sjå nærare på.

Hovedfokuset var kontroll av vinterutrustning på køyretøya.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det blei kontrollert dekk og kjetting. Frå 1. november skal alle køyretøy over 3.500 kg ha kjetting med og ha dekk med minimum 5 mm mønsterdjupne. Frå 15. november skal det i tillegg vera såkalla alpesymbol-merking på styrande framhjul og drivhjul. Dei resterande dekka skal vera merka M+S, opplyser vegvesenet.

Eitt køyretøy fekk bruksforbod på grunn av for dårleg sikt i frontvindauget. To sjåførar vart kontrollerte for køyre- og kviletid.