Eva Valestrand Opheim og ektemannen Oddvar Opheim stoppar for å røysta på veg til hytta på Hamlagrø.
Eva Valestrand Opheim og ektemannen Oddvar Opheim stoppar for å røysta på veg til hytta på Hamlagrø.

Dette Fusa-paret synest det var ekstra vanskeleg å bestemma seg i årets val

Mange ukjende namn på lista baud på utfordringar for Oddvar Opheim og Eva Valestrand Opheim.

Klokka er litt over ti då ekteparet frå Eikhovda ankjem vallokalet i Eikelandsfjorden samfunnshus.

– Var det vanskeleg å bestemma seg?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, i år var det faktisk det, seier Eva.

Dei mange ukjende Os-namna på lista har gjort det vanskelegare å orientera seg.

Men dei har kryssa av på dei kandidatane dei har ekstra tru på.

Leiar for røystestyret, Line Ragnhildstveit, fortel om eit jamnt tilsig av røysteføre fusingar til Eikelandsfjorden samfunnshus.
Leiar for røystestyret, Line Ragnhildstveit, fortel om eit jamnt tilsig av røysteføre fusingar til Eikelandsfjorden samfunnshus.

– Du veit, kommunevalet er jo eit personval, seier Oddvar.

– Stemmer de likt eller held de valet hemmeleg for kvarandre?

– Nei, når du har vore gift i 49 år så er det ingenting som er hemmeleg legner, ler Oddvar.

Eva fortel at dei har diskutert ein del i forkant, men til slutt landa på det same partiet.

– Kva tenkjer de om samanslåinga med Os?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi er spente. Og litt redde for å verta for små i forhold til Os.

Elektronisk manntal

Leiar for røystestyret, Line Ragnhildstveit, er funksjonær for femte gong. Og for siste gong i eit val der Fusa er eigen kommune.

– Det er jo litt spesielt. Og oppkøyringa i forkant har vore litt annleis enn tidlegare, fortel ho.

Nytt av året er elektronisk manntal, noko ein for lengst har teke i bruk i Os.

Og når vallokala stengjer kl. 21, skal røystene fyrst grovteljast i Eikelandsosen, før dei vert køyrde til Os for finteljing og scanning.

– Blir det pansra bil, då eller?

– Nei, vi satsar på at det går bra utan, ler ho.

anne-marie@osogfusa.no